«Tenner frå Temu» og andre historier frå sjukehustannklinikken
Kva skjer når tannhelse møter sjukehus? Kven er pasientane som blir viste til sjukehustannklinikken, kva problemstillingar møter tannhelsepersonellet, og kva rolle kan tannlegen ha i eit tverrfagleg sjukehusmiljø?
I dette webinaret tek Anita Helland Hines oss med inn i kvardagen ved sjukehustannklinikken på Lovisenberg Diakonale Sykehus. Ho fortel om korleis klinikken har utvikla seg, frå det opphavlege mandatet og forsøksordninga for sjukehusodontologi til arbeidet dei gjer i dag.
Målgruppe: tannhelsepersonell
Hines startar med ein presentasjon av Lovisenberg Diakonale Sykehus og Nasjonalt senter for sjeldne diagnosar, eining munnhelse (tidlegare TAKO-senteret), som klinikken deler lokale med. Ho gir også eit innblikk i historia til sjukehustannklinikken, der ho sjølv har vore tilsett sidan august 2019.
Hines fortel om pasientgruppene dei behandlar, kven dei samarbeider med, og kven som viser pasientar til klinikken. Ho ser også nærmare på kvar pasientane kjem frå, og svarar på om dei utfører tannbehandling i narkose.
Gjennom konkrete kasuistikkar får vi eit innblikk i breidda i den kliniske kvardagen.
Dersom tida strekkjer til, blir det også eit kort innblikk i CBCT, strålevern, retningslinjer og vurderingar av når undersøkinga er berettiga. Anita viser døme på problemstillingar der CBCT kan vere eit nyttig verktøy, og deler kasus der dei ikkje kom i mål med diagnostikken utan CBCT.