Plankonferansen 2026
Plankonferansen er ein viktig møteplass for alle som jobbar med kommunal planlegging i Vestland.
Vestland fylkeskommune arrangerer plankonferansen i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland. Dei siste åra har plankonferansen blitt arrangert i Bergen og vi held fram med det.
Målgruppa for konferansen er kommunane i Vestland, regionale og statlege etatar, konsulentbransjen og andre med interesser for kommunal planlegging.
Kort informasjon
Tema: «Gode og effektive planprosessar – samarbeid og kunnskap som grunnlag for betre planlegging»
Stad: Radisson Blu Royal Hotel, Bryggen, Bergen
Tid: Måndag 2. november frå kl. 09.00 til tysdag 3. november, avsluttar med lunsj kl.13.00
Påmelding: Meld deg på via påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist: Vi oppmodar alle til å melde seg på tidleg.
kommunar som skal ha dekka overnatting må melde seg på innan 2. oktober 2026 - sjå kva som gjeld for din kommune: informasjon til kommunane
kommunar som skal ha dekka overnatting må melde seg på innan 2. oktober 2026 - sjå kva som gjeld for din kommune: informasjon til kommunane
Program: Fullstendig program (PDF), det kan bli endringar.
God planlegging er kommunane sitt viktigaste verktøy for ei berekraftig samfunns- og arealutvikling. Samstundes vert dagens planprosessar opplevd som tidkrevjande, kompliserte og lite fleksible. Samfunnet endrar seg raskt og lange planprosessar skaper utfordringar for private utbyggjarar, det offentlege og samfunnsutviklinga generelt. Årets konferanse set søkelyset på korleis vi saman kan utvikle planprosessar som er effektive, kunnskapsbaserte og forankra i godt samarbeid.
Program
Måndag 2. november
- Dei viktigaste føringane
Oppdatering frå Kommunal- og distriktsdepartementet og fylkeskommunen - Effektive planprosessar
Innlegg frå Holth & Winge, Distriktssenteret og Tønsberg kommune
Kvifor tar det så lang tid med kommuneplanen sin arealdel? - Samtale mellom representantar frå Statsforvaltaren, fylkeskommunen og kommunane, leia av Nikolai Winge - Kunnskap
Innlegg frå Asplan Viak, DOGA, Rambøll og fylkeskommunen. Tema er mellom anna grå areal, arealrekneskap, bustadoversikt og arkitekturstrategi - Synfaring i byen og festmiddag
Tysdag 3. november
Du kan velje mellom to parallellsesjonar:
Parallellsesjon 1: Rom for kvalitet og handling
Korleis kan vi skape stader som gir livskvalitet, framtidstru og lyst til å bli?
Med utgangspunkt i Rom for kvalitet – Nasjonal arkitekturstrategi utforskar vi korleis arkitektur, planlegging og stadutvikling kan bli brukt som verkemiddel for gode liv og fellesskap. Gjennom faglege innlegg, konkrete døme og samtale ser vi på sosial infrastruktur, medverknad, transformasjon, stadtilhøyrsle og lokal skaparkraft. Kva kan vi få til dersom vi tek utgangspunkt i menneska, kvalitetane og ressursane som allereie finst på staden?
Parallellsesjon 2: Effektive planprosessar
Seks tiltak som kan bidra til meir effektive planprosessar
Nikolai Winge frå Holth & Winge presenterer seks tiltak for betre og meir effektiv planlegging. Med korte innleiingar som utgangspunkt diskuterer vi moglegheiter og utvekslar erfaringar, gruppevis og i plenum. Her er det rom for både kreativitet og kritisk refleksjon.
Fullstendig program (PDF), det kan bli endringar.
Praktisk informasjon
Påmelding
Meld deg på via påmeldingsskjemaet.
Påmeldingsfrist: 02. oktober
Støtte til kommunal deltaking – ny ordning
Plankonferansen er ein viktig møteplass for alle som jobbar med kommunal planlegging i Vestland, og det er eit mål at alle 43 kommunane i Vestland skal kunne delta, uavhengig av reiseavstand til Bergen. Vi innfører derfor ei ny støtteordning som tek omsyn til geografi og kommunestorleik.
Konferansen dekkjer dagpakkar og middag for eit gitt tal personar per kommune, basert på kommunestorleik:
|
Kommunestorleik
|
Tal personar dekka
|
|---|---|
|
Under 4 000 innb.
|
2 personar
|
|
4 001 til 10 000 innb.
|
3 personar
|
|
10 001 til 25 000 innb.
|
4 personar
|
|
25 001 til 45 000 innb.
|
6 personar
|
|
Over 45 000 innb.
|
10 personar
|
Kommunen får dekka overnatting etter kor lang reiseveg det er frå kommunesenteret til Bergen. Kommunane er plassert i tre soner:
|
Sone
|
Reisetid til Bergen
|
Overnattingsstøtte
|
|---|---|---|
|
Sone A
|
Under 1 time
|
Ingen overnatting dekka
|
|
Sone B
|
1 til 3 timar
|
1 overnatting dekka
|
|
Sone C
|
Over 3 timar
|
2 overnattingar dekka
|
Kommunar kan sende fleire deltakarar, men må då sjølve betale dagpakkar, middag og eventuell overnatting for dei ekstra deltakarane.
Reise dekker deltakarane sjølv.
Ikkje-møtt-avgift
Ved avbestilling etter 2.oktober, eller ved «ikkje møtt», blir dagpakkar og middag fakturert i tråd med det du har meldt deg på. For å unngå faktura kan ein annan deltakar frå same kommune overta plassen din. Dette er mogleg heilt fram til konferansedatoen.
Deltakaravgift
|
Post
|
Dato
|
Pris
|
|---|---|---|
|
Dagpakke
|
2. november
|
kr 690,-
|
|
Middag
|
2. november
|
kr 621,-
|
|
Dagpakke
|
3. november
|
kr 690,-
|
Faktura for deltaking blir sendt i etterkant.
Overnatting
For at kommunane skal få dekka overnatting i samsvar med oversikta, må vi ha påmelding innan 2.oktober. Det er mogleg å melde seg på etter den datoen, men kommunen må då dekke overnatting sjølv.
For deltakarar som ikkje får dekka overnatting er det mogleg å tinge rom direkte hos hotellet via denne linken. Hotellovernatting: Kr 1.490 pr døgn inkl mva. Rom må tingast innan 2. oktober.
Vi ser fram til å sjå deg på plankonferansen 2026!