Odontogene infeksjonar: Når tenner kan vere dødelege (webinar)

Webinaret tek føre seg etiologi og behandling av odontogene infeksjonar der ein gjennomgår behandling av alt frå banale til potensielt dødelege og mutilerande infeksjonar. Dette vil vidare bli belyst med relevante kasuistikkar frå spesialistpraksis og sjukehus.

Webinaret vert halde av Frank-Jakob Sandbakk, spesialist i oral kirurgi og oral medisin.

Målgruppe: tannhelsepersonell

Sandbakk vart uteksaminert frå Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen i 2006 og vart spesialist i oral kirurgi og oral medisin i 2019, etter vidare spesialisering ved same fakultet.

Til dagleg arbeider han ved TkVestland, avdeling Stryn, og ved kjevekirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. I tillegg arbeider han noko i privat praksis.

Profilbilde av mann
Frank-Jakob Sandbakk, spesialist i oral kirurgi og oral medisin.