Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta.
Maria Eintveit kjem for å snakke om sosial berekraft i stadutvikling og arbeidet med Vegen til levande og rettferdige lokalsamfunn, rettleiiar i sosial berekraft for norske kommunar. Ho arbeidar i Fremsam. Dei skapar lokalsamfunn som fremjar gode liv for alle innbyggarar. Fremsam er eit nettverk av og for kommunar og fylkeskommunar, og ein del av WHO Healthy Cities.
Ta kontakt
Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.