Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Dette er tverrfaglege samtalar og samarbeid, og vi koplar på fagfolk – både eksterne og interne – avhengig av kva som er tema for møta.
Fagdag 1. desember
Tema denne gongen er bustad, trivsel og tilgjenge, og nettverksmøtet 1. desember blir del av ein fagdag, der Vestland fylkeskommune og folkehelseinstituttet lanserer ein tilleggsrapport med resultat frå Folkehelseundersøkinga 2026. Då får du vite meir om kva nesten 69 000 innbyggarar i Vestland svara om blant anna eigenberedskap, klimauro, vald/traumer, fritid, bustad og reiseliv.
Ta kontakt
Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Steinsland.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.