Folkehelseundersøkinga 2026: Presentasjon av resultat

I vår svara nær 69 000 personar i Vestland på Folkehelseundersøkinga 2026. No kjem dei første resultata! Du kan følgje framlegginga direkte i nett-tv torsdag 15. oktober frå kl. 9.

Folkehelseundersøkingane er spørjeundersøkingar som fylka gjennomfører for å få eit godt bilete av korleis folk har det. Målet er å få betre kunnskap om

  • korleis folk opplever helsa si
  • kva som påverkar trivsel og livskvalitet
  • korleis levekår og nærmiljø varierer mellom grupper og område

Resultata blir brukte av både fylkeskommunar og kommunar i planlegging og prioritering av folkehelsetiltak og vurdere utvikling over tid. Undersøkingane er ein del av det lovpålagde oversiktsarbeidet etter folkehelselova (lovdata.no).

På denne første lanseringa kjem resultata frå hovudrapporten som inneheld svar om:

  • helsetilstand
  • livskvalitet
  • psykisk helse
  • trivsel og tilgjenge i nærmiljø
  • helserelatert åtferd (kosthald, tobakk, alkohol, fysisk aktivitet, søvn)

Gunnhild Johnsen Hjetland og Thomas Sevenius Nilsen frå Folkehelseinstituttet legg fram resultata. 

Resultat frå tilleggsspørsmåla (t.d. klima, beredskap, bustad, reiseliv, vald/overgrep, deltaking i frivilligheit og kultur) blir lansert 1. desember 2026. 

Korleis kan eg delta?

Lanseringa blir streama direkte frå Vestlandssalen på Vestlandshuset i Bergen.

Streaminglenke: https://vestlandfylke.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=149c5c09-713d-46c1-a1d3-b4c700caac01

Dersom du deltek på konferensen Styrke i samspel-dagane kan du møte fysisk i Vestlandssalen.