Landbrukskonferansen i Vestland 2026 - med vekt på beredskap og sikker matforsyning
Vestland fylkeskommune inviterer saman med Innovasjon Norge Vestland og Statsforvaltaren i Vestland til landbrukskonferansen. Beredskap og sikker matforsyning er hovudtema på årets konferanse.
Gjennom to dagar skal kommunar og andre med interesse for landbruk få auka kunnskap og inspirasjon gjennom innlegg, diskusjonar og idéutveksling. Det vert god tid til å byggje nettverk, snakke med gamle kjente og møte nye samarbeidspartnarar.
Korleis er stoda på gardane i Vestland og korleis blir beredskapen utøvd i praksis? Innlegga i plenum gir oss ferske opplysningar om situasjonen. Vi har også 15 parallellsesjonar med tema både om næringsutvikling og forvaltning.
Anette Stegegjerdet Norberg, statssekretær i Landbruks- og matdepartementet kjem, i lag med mange andre innleiarar, mellom andre Endre Kleiveland frå Ølmheim Siderhage og Torunn Skarstad frå Nordfjord smak SA.
Konferansen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Noreg Vestland.