Folkehelseundersøkinga 2026: informasjonsmøte
Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet gjennomfører ny runde med folkehelseundersøking i april 2026.
Vestland fylkeskommune inviterer difor til ope informasjonsmøte om Folkehelseundersøkinga med datainnsamling i april 2026.
Agenda for informasjonsmøtet er
- folkehelseundersøkinga: kva og kvifor?
- spørjeskjema
- utval og datainnsamling
- kommunikasjonsarbeid om Folkehelseundersøkinga i kommunane
Folkehelseinstituttet deltek i møtet for å svare på ev. spørsmål frå kommunane om Folkehelseundersøkinga. Målgruppa for møtet er tilsette i kommunar i Vestland og gjerne dei med ansvar for folkehelse, oversiktsarbeidet og/eller kommunikasjonsrådgjevarar.