Samarbeidskonferansen 2025 - Saman om nyskaping i Vestland
Samarbeidskonferansen gir deg høve til å utvide nettverket ditt, bli oppdatert og få fagleg påfyll og lære av erfaringane til andre.
Samarbeidskonferansen er ein årleg konferanse for deg som jobbar med næringsutvikling i ein kommune, eit regionråd, eller i ein organisasjon som har samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune. På konferansen koplar vi menneske og kompetanse på tvers av sektorar og kommunegrenser for å stå sterkare saman om nyskaping i Vestland.
Tema for årets konferanse
Omstilling – alle snakkar om det, men korleis gjer vi det?
Bolken består av faglege innlegg, engasjerande gruppediskusjonar og gode døme på korleis omstilling skjer i praksis. Korleis skal vi jobbe for å omstille og utvikle oss i Vestland?
Vegkart mot framtidas Vestland
To ny nye regionale planar skal bidra til å skape framtida i Vestland. Verdiskaping og kompetanse og Areal og mobilitet er tema.
Attraktiv region – kven er vi, og kvifor skal nokon velje oss?
For å lukkast i konkurransen om arbeidskraft og besøkande må vi vere attraktive. Vestland sitt omdømme er ei felles oppgåve og ansvar. Bolken set fokus på omdømmeutvikling frå fleire vinklar.
Saman om nyskaping i Vestland – nyskaping skjer i mellomromma.
I denne bolken får vi høyre eit inspirasjonsforedrag om den strategiske verdien av å byggje kultur for samarbeid. Vi utforskar kva samskaping er og korleis det kan gi betre, og kanskje også uventa resultat. Vi får gode døme på korleis ein kan mobilisere og skape dialog gjennom praktiske verktøy.
Program 2025
-
Scandic Bergen City
Innsjekk og mingling
-
Lunsj
-
Opning av konferansen
Stian Davies, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune
-
Omstilling – alle snakkar om det, men korleis gjer vi det?
-
Frå uro til retning – leiing i omstilling
Astrid Kjellevold, dagleg leiar i Atheno
-
Pause
-
80/20-regelen for digital transformasjon
Roger Wessel, direktør for digital forretningsutvikling i BOB BBL
-
Høyanger – frå krise til ny industriell optimisme
Ingrid Heggø, næringssjef og dagleg leiar i Høyanger næringsutvikling
-
Omstillingsreisa i Noreg sitt første UNESCO biosfæreområde
Kari Evensen Natland, koordinator i Nordhordland UNESCO biosfære, Region Nordhordland IKS
-
Pause
-
Vegkart mot framtidas Vestland
To nye regionale planar skal bidra til å skape framtida i Vestland. Verdiskaping og kompetanse og areal og mobilitet er tema. Bård Sandal i samtale med Astrid Kjellevold, Olav Mellgren og Ingrid Heggø.
-
Pause - forfriskingar og mingling
-
Attraktiv region – kven er vi, og kvifor skal nokon velje oss?
-
Kva skapar attraksjonskraft?
Britt Dalland, seniorrådgjevar reiseliv i Vestland fylkeskommune og Marta Rongved, seniorrådgjevar reiseliv i Vestland fylkeskommune
-
Korleis bygge ei felles merkevare for Vestland?
Stein Ove Rolland, administrerande direktør i Fjord Norge
-
Pause
-
Sogn – seks kommunar, éi merkevare
Line Bjelde, dagleg leiar i Sogn næring
-
Ungdommens blikk på framtidas Vestland - Korleis opplever ungdommen det vi har snakka om i dag?
I denne avsluttande samtalen møter vi representantar frå ungdomsutvalet i Vestland fylkeskommune: Malene Henden Fridtun og Hans Fredrik Moe. Dei deler sine refleksjonar rundt dagens program, og gir oss eit viktig perspektiv på korleis unge ser på omstilling, attraktivitet og det nye vegkartet for Vestland. Moderator Sølve Sondbø
-
Avslutning for dag 1
-
Middag
Middagen blir servert i restauranten på hotell Scandic Bergen City.
-
Ankomst Vestlandshuset
-
Opning
Bård Sandal, direktør avdeling næring, plan og innovasjon
-
Saman om nyskaping i Vestland – nyskaping skjer i mellomromma
-
Hvordan påvirker kultur innovasjon og omstilling?
Tore Hillestad, direktør ved NHH Executive
-
Pause
-
Frå fragment til fellesskap – slik mobiliserte vi heile økosystemet
Gøril Selvik, dagleg leiar i Connect Vest
-
Samarbeid og medvirkning gjennom innovative dialogmetoder
Mathew Stiller-Reeve, dagleg leiar i Village Green
-
Den samskapande kommune – meir enn vi bad om, annleis enn vi trudde
Arild Vonheim, næringskoordinator i Stad kommune
-
Leiing, lagspel og legitimitet – nøkkelen til næringsvenleg utvikling
Preben Woll Bostad, seniorrådgjevar i Distriktssenteret
-
Pause
-
Mål 13 – Korleis få det til? Eit tverrsektorielt svar på behovet for samhandling og nettverk
Lene Borgen Waage i Grøn region Vestland og Renate Nedregård i Klimapartnere Vestland
-
Lunsj og mingling
-
Avslutning
Det kan bli endringar i programmet.
Praktisk informasjon
Målgruppe
Konferansen er for inviterte. Målgruppene for samarbeidskonferansen er:
- Næringsmedarbeidarar i kommunane i Vestland
- Utviklingsselskap der det er relevant
- Regionråda i Vestland
- Utviklingsaktørar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen
Kostnadar
Deltakarane dekker reise og eventuell overnatting sjølve. Vi har reservert rom på Scandic Bergen City til avtalepris. Rabattkoden får de ved påmelding. Bestill seinast innan 26.09.25
Fylkeskommunen dekker konferanseprogrammet elles, inkludert middag for påmeldte.
Påmelding
Her er lenke til påmeldingsskjema: Samarbeidskonferansen 2025 - Saman om nyskaping i Vestland
Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med oss!