Plankonferansen 2025

Vi inviterer til den årlege plankonferansen for Vestland. Tittelen på konferansen er: "Planlegging for berekraftig arealbruk og mobilitet". Konferansen vert arrangert i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland.

Plankonferansen blir arrangert 4. og 5. november i Bergen på Radisson Blu Royal Hotel som ligger på Bryggen.

Det siste året har det kome nye statlege planretningslinjer for arealbruk og mobilitet. Vestland fylkeskommune har vedteke Utviklingsplanen for Vestland og med det lagt grunnlaget for arbeidet med nye regionale planar. Regional plan for arealbruk og mobilitet er i prosess. Dette dannar bakteppet for plankonferansen 2025 og val av tema.

4. november skal vi få ei oppdatering på dei overordna føringane, og kva dei betyr for planlegginga i kommunane, gjennom innlegg frå Kommunal og distriktsdepartementet, Gro Sandkjær Hansen frå Oslo Met og Aud Tennøy frå TØI med fleire. Vi skal få innsikt i fylkeskommunen sitt arbeid med regional plan for arealbruk og mobilitet og samfunnssikkerheit og beredskap.

Etter at programmet er ferdig inviterer vi til synfaring i byen og middag på kvelden.

5. november har vi sett av til parallellsesjonar. Det er mogleg å velje mellom tre sesjonar:

A - Planlegging i byar og tettstadar
Korleis kan vi jobbe strategisk med bærekraftig utvikling av byar og tettstader? I denne sesjonen får vi både overordna blikk og døme frå kommunar på korleis planlegge for gode kvalitetar ved fortetting og endring i områdene nær sentrum.

B  - Gode stadar - inkludert arbeidsverkstad
Korleis kan vi planlegge gode stadar som styrker livskvalitet, fellesskap og berekraft? Sesjonen løftar fram mennesket i sentrum av planlegginga, med døme frå arkitektur, samfunnsutvikling, folkehelse og lokal mobilisering. Gjennom forteljingar, faginnspel og verkstad utforskar vi korleis planlegging kan skape opne, aktive og inkluderande møteplassar, og ihuga menneske, som grunnlag for «det gode liv».

C  - Trygge kvardagsvegar og kvardagmobilitet
Korleis kan ein i arealplanlegging sikre gode kvardagar for innbyggarane? Kollektivtilbodet og vegane våre er blodårene i samfunnet som gjer at folk kan gå eller reise trygt og effektivt til dageleg gjeremål frå der dei bur. I denne sesjonen vil vi sjå nærmare på desse samanhengane med interessante innlegg frå kommune, fylkeskommune og forskinga.

For dei som melder seg på sesjon A og sesjon C blir det ei felles økt om regional plan for areal og mobilitet frå kl 11.35 og fram til lunsj.

Målgruppa for konferansen er planleggarar, næringsutviklarar, kommunedirektørar og politisk leiing i kommunane.

Program 

Programmet er under utforming, det kan bli mindre endringar

Program (PDF)

Praktisk informasjon

Påmelding

Du kan no melde deg på plankonferansen.

Påmeldingsskjema

Frist for påmelding 26. oktober.

Avgift

Deltakarar frå kommunar i Vestland

Vi dekker konferanseavgift (dagpakke to dagar og middag ein dag)

Deltakarane må sjølv dekke kostnadar til reise og overnatting.

 Ikkje- møtt avgift for deltakarar frå kommunar i Vestland

Ved avbestilling etter 26.10. eller ved «Ikkje møtt», blir det fakturert for dagpakke og middag tilsvarande det du har meldt deg på. For å unngå faktura kan ein annan deltakar frå kommunen overta plassen din. Dette er mogleg å endre heilt fram til arrangementsdatoen.

Deltakaravgift-  andre deltakarar: 

Dagpakke: 4. november: kr 655,-

Middag: 4. november: kr 600,-

Dagpakke: 5. november: kr 655,-  

Total for heile konferansen kr 1910,-

Vi sender faktura for deltaking.

Overnatting

Deltakarar som treng overnatting bestiller og betaler sjølv hotellrom.
Vi har avtalepris med hotellet bruk denne lenka Bestillingslink
Lenka er gyldig til og med 3. oktober.