Nettverk for by- og stadutvikling: Den gode samtalen
Tema: Ungdom i stadutvikling
Nettverket er ein møteplass for alle kommunane i Vestland og Vestland fylkeskommune. Her skal me utveksle erfaringar, lære av kvarandre og få ny kunnskap og idear til nye samarbeid på tvers av fag og geografi.
Denne gongen har me invitert Aina Landsverk Hagen, forskar hjå Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) ved OsloMet. Ho er sosialantropolog og forskar på og med unge menneske.
Aina kjem for å snakke om korleis ho har arbeidd med ungdom og stadutvikling. Ho publiserer og underviser mellom anna i aksjonsforsking, medverknad, medforsking og engasjerande forskingsmetodikk, berekraft og kreativitet. Ho ser og på koplingar mellom antropologi og arkitektur.
I samtalen kan de dele tankar og erfaringar om blant anna dette:
- Kvar møter og snakkar me med ungdomen?
- Korleis er born og unge synlege/med i stadutviklinga?
Sjå lenke til oppdatert versjon av rettleiar for born og unge i plan og byggesak.
Me vil også gjerne høyre om de har erfaringar med rettleiaren.

Innspel til tema?
Har du innspel til tema for framtidige møte i nettverket, ta kontakt med Mona Elisabeth Steinsland.
Det er faste møte i nettverket første tysdag i kvar månad klokka 10–11. Me utviklar innhald og form på møta saman med kommunane.