LittForm 2025
Velkommen til konferanse om formidling av litteratur til vaksne!
Korleis skal vi lukkast med litteraturformidling til vaksne?
Konferansen gir deg inspirasjon til korleis du kan gjere samlinga i ditt bibliotek levande, og til korleis vi skaper gode lesefellesskap som publikum ønsker å delta i.
Bergen offentlige bibliotek og Vestland fylkeskommune v/bibliotekutvikling ønsker deg velkommen til LittForm 2025.
I år er lesing og fellesskap stikkord - saman utforsker vi store og små tiltak og prosjekt som fremjar lesing og litteratur mot ei vaksen lesegruppe.
Program
10.00-10.15 Velkommen
10.15-11.00 Sosial lesing, ved Sara Tanderup Linkis
Lesing blir ofte framstilt som aleinetid, med lesaren som ein som sit aleine, fordjupa i ei bok. Men lesing har alltid vore eit sosialt fenomen, litteraturhistoria er fylt med høgtlesing og bokklubbar. I vår digitale samtid oppdagar vi igjen dei sosiale sidene ved lesing på nye måtar, på digitale plattformar og i sosiale medium, men også utanfor skjermen som på litteraturfestivalar eller i den lokale bokhandelen. Foredraget er ein introduksjon til den sosiale lesingas historie. Vi dykkar ned i nyare formar for lesekultur for å diskutere kva det er for fellesskap som oppstår omkring lesing og bøker og korleis desse fellesskapa påverkar leseopplevinga og litterær kultur i dag.
11.00-11.10 Pause
11.15-12.00 3x15 min
- Vorspiel til utdeling av Bibliotekets litteraturpris, ved Hanne Rømsing Sæverås
- Menn som leser bøker av kvinner, ved Hans Petter Sjøli
- The Female Minority Voices Book Club, ved Anine Bråthen
12.00-13.00 Lunsj
13.00-13.30 Kva kan vi lære av Nasjonalmuseet? ved Rikke Glomnes Komissar
13.30-13.45 Pause
13.45-14.30 Verkstad
14.30-14.45 Pause
14.45-15.20 LittForm Talkshow
15.20-15.30 Takk for i dag
Deltakarar på scena
Sara Tanderup Linkis, PhD i litteraturhistorie, lektor og dosent i digital kultur og forlags- og bogmarkedskundskap ved Lunds Universitet.
Forskinga hennar fokuserer på digital bokkultur og lesekultur, lydbøker og "lydlitteratur", lesing og sosiale medium. Ho har skrive ei rekkje artiklar om desse emna i fleire anerkjende tidsskrift. Ho har også redigert fleire antologiar, den seinaste er TikTok: Kulturella Perspektiv (Lund University Press, 2025, med Gabriella Nilsson), der ho skriv om sosial lesing og lesekultur på sosiale medium. Ho leier eit aktuelt forskingsprosjektet "Between Sound and Text: Production, Content and Experiences of Multimodal Audio Literature" (Swedish Research Council 2024-2026).
(Foto: Christina Bode)
Hanne Rømsing Sæverås, litteratur- og filmformidlar på Bergen Offentlige Bibliotek, og prosjektleiar for Bibliotekets litteraturpris. Ho har ein bachelor- og mastergrad i samanliknande litteratur frå Royal Holloway, University of London, og er redaksjonsmedlem i Tidsskriftet Fett.
(Foto: Camilla Grindheim Larsen)
Hans Petter Sjøli, debattansvarleg og kommentator i VG.
51 år gammal firebarnsfar, og medlem av Lesesirkel For Menn som leser ny skjønnlitteratur av kvinnelige forfattere med sidetall på (hovedsakelig) inntil 150 sider (LFMSLNSAKF). Utdanna historikar og samfunnsvitar, og har budd fire år i Bergen.
(Foto: Privat)
Rikke Glomnes Komissar (f. 1972) er avdelingsdirektør for Formidling og publikum ved Nasjonalmuseet i Oslo.
Ho har 30 års erfaring frå kunst- og kulturfeltet, mellom anna som direktør og kurator ved Akershus Kunstsenter og Nitja senter for samtidskunst, rådsmedlem i Norsk kulturråd og styremedlem ved Jødisk Museum i Oslo. Komissar har ein Cand. mag.-grad frå Universitetet i Oslo og ein Executive Master of Management.
Ho starta karrieren sin med arbeid retta mot barn og unge – ei målgruppe ho framleis har eit sterkt engasjement for, og brenn for å gjere kulturlivet meir tilgjengeleg for eit breitt og mangfaldig publikum.
(Foto: Annar Bjørgli / Nasjonalmuseet)