Frivilligkonferansen Vestland: Frivilligheita – vi løftar i lag!
Kva betyr frivillig innsats – for den frivillige og lokalsamfunnet? Korleis kan frivilligheita skape tillit og inkludere fleire? Kvifor er frivillig arbeid så viktig for folkehelsa, og når vi skal mobilisere lokalsamfunna?
Bli utfordra og få nye perspektiv under Frivilligkonferansen Vestland på Voss 27. september!
Presentasjonar
Presentasjonane blir liggjande ute til og med måndag 6. oktober. Dersom du ønskjer å ta vare på dei til seinare, må du lasta dei ned til pc-en din.
- Stian Slotterøy Johnsen, Frivillighet Norge (pdf)
- Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors (pdf)
- Hanne Stedje, Mødrene til ÅFK (pdf)
- Ingeborg Wåge Møgster, Vestland ungdomsutval (pdf)
- Marte Eggum og Marthe Jansen, NRK TV-aksjonen (pdf)
- Tord Bakke Arvesen, Ekstremsportveko (pdf)
- Tonje Havstad og Åshild Lussand, Fri Vestland (pdf)
- Chanice Wairimu Anyango og Joffrey Harrison Bakalie, ungdomspanelet i Vestland innvandrerråd ungdomspanelet i Vestland innvandrerråd
- Ruth Marie Donovan, ABC for god psykisk helse (pdf)
Målgrupper
Konferansen er open for alle, men hovudmålgruppa er frivillige og tillitsvalde i frivillige organisasjonar.
Program
Kl. 10.00: Velkomen til frivilligkonferansen
- Musikalsk konferanseopning ved ungdomar frå Orkesteret Fossegrimen
- Opning og velkomen ved Jacob Nødseth, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune
- Velkomen og praktisk informasjon ved Grim Moberg, dagens konferansier
Kl. 10.30: Tema: Frivilligheita si kraft
- Korleis skapar frivilligheita tillit og er del av beredskapen i ei uroleg tid? ved Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge
- Friluftslivets år – inkludering, mobilisering og frivillig innsats, ved Marit Nedkvitne, Voss Røde Kors
- Alt for Årdal! Verdien av dugnad for den frivillige og lokalsamfunna, ved Hanne Stedje frå «mødrene til ÅFK», kjent frå TV2-serien Alt for Årdal
Kl. 11.30: Pause
Kl. 11.45: Tema: Vi løftar i lag!
- Fritidserklæringa Vestland. Korleis mobilisere dei unge, og kva betyr fritidserklæringa i praksis? ved Ingeborg Wåge Møgster, Vestland ungdomsutval
- TV-aksjonen – verdas største dugnad, ved Marte Eggum og Marthe Jansen i TV-aksjonen Vestland 2025
- Alle skal med – også i fritt fall! Om Ekstremsportveko og inkluderande fellesskap, ved Tord Bakke Arvesen, dagleg leiar i Ekstremsporveko
Kl. 12.30: Lunsj
Kl. 13.15: Danseframsyning ved Ungdomsdansarane frå Voss spelemannslag – Noregsmeistrar i gruppedans frå Landskappleiken 2024
Kl. 13.25: Tema: Inkluderande frivilligheit gir god folkehelse
- Korleis skape inkluderande arenaer for alle? ved Åshild Lussand, styremedlem og Tonje Havstad, dagleg leiar i Fri Vestland
- Auka deltaking frå unge med innvandrarbakgrunn, ved Chanice Wairimu Anyango og Joffrey Harrison Bakalie i ungdomspanelet i Vestland innvandrerråd
- ABC for god psykisk helse, ved Ruth Marie Donovan, fagbokforfattar og sjukepleiar med master i helsefremmande arbeid. Donovan har brei erfaring frå offentleg sektor og er tidlegare lærar ved ulike universitet og helsefag-utdanningar
Kl. 14.15: Pause
Kl. 14.25: Panelsamtale – korleis løftar vi i lag?
I panelet: Stian Slotterøy Johnsen, Ruth Marie Donovan, Hanne Stedje, Tord Bakke Arvesen, Ingeborg Wåge Møgster og Yasmin Said Yosuf.
Kl. 14.55: Takk for i dag!
Praktisk
- Konferansen blir på Scandic Voss, Evangervegen 1A, Voss.
- Deltakaravgift: 500 kr
- Påmeldingsfrist: 15. september
- Rabatt på hotellrom: Få 15 prosent rabatt på rom ved Scandic Voss via denne lenka (så lenge det er ledige rom).
Arrangørar
- Vestland Musikkråd
- Vestland Idrettskrets
- Forum for Natur og Friluftsliv
- Vestland Innvandrerråd
- Vaksenopplæringsforbundet Vestland
- Vestland Frivilligsentralar
- Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland
- Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
- Vestland kulturvernnettverk
- Vestland kulturkrets
- Vestland fylkeskommune