– Trivsel er kvifor eg har valt å bli her i nesten 20 år

Møt Tom Sølve Myklebust, seksjonsjef for digitalisering.

– Her er mykje god kompetanse og dyktige folk, seier den trivelege seksjonsjefen, som for to år sida nær tripla tal kollegaer etter fylkessamanslåinga. Då hadde han allereie vore 17 år i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

– Jobben var midt i blinken for meg, så eg tok imot og begynte i haustferien same år. Då hadde eg jobba på ein grunnskule i Gaupne i nokre få veker, men jobben i fylkeskommunen freista, så eg måtte gripe den sjansen, fortel Tom Sølve Myklebust, om korleis han begynte på arbeidsplassen.

Då han flytta med familien frå Svelgen til Sogn i 2003, søkte han nemleg på ein jobb i fylkeskommunen som kravde ein kombinasjon av IT-fagleg og pedagogisk utdanning. Midt i blinken for ein pedagogutdanna lærar som òg studerte it-fag. Då stillingen litt seinare vart utvida til to stillingar, holdt ham fram på IKT.

– Der vart eg driftskoordinator med ansvar for drift av tenestene til IKT, i tillegg til  koordinering mot eksterne samarbeidspartar. På denne tida hadde vi òg ansvar for drift av fleire kommunar og andre eksterne partar, så det var ein omfangsrik og spennande jobb. Arbeidet vart etter kvart mindre teknisk og meir strategisk og brukarretta, så når stillinga som seksjonssjef for digitaliseringsseksjonen vart lyst ut i samband med fylkessamanslåinga, søkte eg på den. Dette var faktisk min første jobbsøknad sidan eg begynte i fylkeskommunen.

Leiar 15 medarbeidarar - og tre robotar

Tom Sølve er i dag leiar for 15 medarbeidarar jamt fordelte mellom Leikanger (8) og Bergen (7), blant dei ein trainee. I tillegg er han sjefen til tre tilsette til, som han trass i at dei jobbar døgeret rundt, ser veldig lite til. 

– Vi har tre robotar som er registrerte i HR-systemet, men desse er enkle medarbeidarar som er billege i drift og krev lite merksemd frå sjefen, ler han.

– Digitalisering i nesten alt vi gjer

Tom Sølve er ein travel mann som har aksjar i mange prosjekt.

– Vi ønskjer å bli tidleg involverte i prosjekt som avdelingar og seksjonar har der digitalisering er ein viktig del. Det viser seg at i dag gjeld dette nesten alle prosjekt. Difor er vårt viktigaste prosjekt no arbeidet med å strukturere prosessen knytt til korleis brukarar melder inn og går i gang med ulike prosjekt og aktivitetar. I tillegg til dette har vi stort fokus på automatisering av tenester med bruk av robot, og virtuelle assistentar som chatboten på den vestlandfylke.no og Botolf, som er chatboten på intranettet, fortel han.

Meir automatisk saksbehandling i framtida

Han har klare mål på kor han har ført digitaliseringa i fylkeskommunen eit par år fram i tid.

– I digitaliseringsstrategien vår har vi laga klare målsetjingar som skildrar kor vi er i 2025. Der har vi òg ei digital modningstrapp som seier noko om dei ulike nivåa på vegen, og korleis vi skal bevege oss for å komme dit. Vi har skildra ein ønska situasjon knytt til kvart av satsingsområda, men litt overordna kan vi seie at om tre år er vi på øvste nivå i den digitale modningstrappa. På dette trinnet står det «Automatiserte prosessar og informasjonsutveksling. Vi gjer kvalifiserte val baserte på analyse og saksbehandlar automatisk».

– Kva er den største fordelen med å jobbe i Vestland fylkeksommune?

– Godt og inkluderande arbeidsmiljø. Trivsel på arbeidsplassen er kanskje den viktigaste grunnen til at eg har valt å bli her sidan eg starta for nesten 20 år sidan. Eg er eit sosialt vesen, og det har vore svært kjekt og inspirerande å bli kjent med alle nye medarbeidarar i Bergen og resten av fylket. Det er mykje god kompetanse og dyktige folk i fylkeskommunen, så det er ein spennande arbeidsplass, seier han.