Ein mangfoldig og inkluderande arbeidsplass

Hos oss jobber det ulike menneske med forskjellig kompetanse- og utdanningsbakgrunn. Stillingane våre har ulike krav til kompetanse og eigenskapar, og det er mange jobbar å velje mellom.

tilsette får gavepose fra fylkesdirektøren i resepsjonen av fylkeshuset i leikanger

Som ein av dei største arbeidsgjevarane på Vestlandet, med over 6000 tilsette, seier det seg sjølv at du vil finne ein jobb som passer for deg her hos oss. Generelt er vi på utkikk etter deg som 

  • trivst i eit miljø med endring og utvikling
  • tar ansvar
  • identifiserer deg med verdiane våre

Mangfald, likeverd og inkludering

Vestland fylkeskommune skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av merkelappar og kategoriar som kjønn, nasjonalitet, religion, funksjonsnivå, seksuell legning, alder, hudfarge eller geografisk tilhøyrigheit. Du skal vere trygg på at vi arbeider målretta for å unngå diskriminering på arbeidsplassen.

I Vestland fylkeskommune jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling både i og utanfor eigen organisasjon. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel – alle faktorar som er viktige for oss. Vi arbeider aktivt for at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

5. - 8. mai 2025 markerer vi intern Mangfaldsveka, med mange ulike foredrag og aktivitetar som rettar merksemdt på alle typer mangfald hos oss.  

«Likestilt arbeidsliv»-sertifisering

Vi er sertifisert i arbeidet for Likestilt arbeidsliv. Sertifiseringa hjelper oss og forpliktar oss til å arbeide aktivt og systematisk med utvalde innsatsområde og konkrete tiltak og verktøy for mangfald og inkludering.