Søk støtte til Interreg

Interregprogram gir stønad til prosjekt som vil fremje sosial og økonomisk utvikling i eit samarbeid med andre regionar i Europa.

Fylkeskommunen bidrar med rettleiing til potensielle partnarar frå Vestland som ønsker å søkje prosjektmidlar.

Kven kan søkje

Både private og offentlege verksemder og organisasjonar, som til dømes kommunar og fylkeskommunar, universitet og høgskular, forskingsinstitusjonar, nærings- og arbeidslivsorganisasjonar, bransjeorganisasjonar og statlege styresmakter kan søkje. Også private bedrifter kan delta som prosjektpartnarar i fleire av programma, og kan få støtte til dette.

Kva kan du få støtte til?

Interreg-prosjekt sørgjer for å løyse samfunnsutfordringar gjennom samarbeid med prosjektpartnarar i andre europeiske land. Døme på slike utfordringar kan inkludere fornybar energiforsyning, kapasitetsbygging for offentleg sektor, nye digitale tenester, gode transportløysingar og øko-innovative produkt og tenester.

Aktørar har også moglegheit til å kople seg opp til eit allereie eksisterande nettverk som utviklar eit relevant prosjekt. Du treng ikkje stå for heile prosjektutviklinga og organiseringa sjølv. Organisasjonen eller bedrifta må saman med samarbeidspartnerar finansiere minst 50 prosent av kostnadane til prosjektet.

interreg.no finn du også informasjon om dei ulike Interreg-programma og døme på godkjende prosjekt på norsk. Her finn du også ein oversikt over nasjonale kontaktpunkt for kvart program.