Voss herad - Klepp

Dagsturhytta på Voss ligg flott til på Klepp (600 m.o.h) på nordsida av Vangsvatnet.

Tilkomst og parkering

Det er fleire alternative vegar til hytta. Ein kan gå frå Hangurstoppen, frå Mølstertunet og frå Heggjavad. Det er viktig at ein parkerer på parkeringsplassen på Heggjavad. Det er ikkje lov til å parkere langs vegen og på møteplassar. Hugs også å betala parkeringsavgifta.

Ta gjerne med hunden på tur til Dagsturhytta, men me minner om forskrifta for bandtvang som gjeld for Voss herad.

Stien til hytta

Frå Mølstertunet

Her går du fyrst 30 meter på den T-merka stien mot Hanguren. Ved fyrste stikryss tek du til venstre og held fram på stien som går mot vest. Når du kjem til traktorvegen etter om lag 2 km tek du til høgre. Turen går vidare oppover på traktorvegen i om lag 2 km til du er framme ved Dagsturhytta.

Frå Hangurstoppen

Følg skilt mot Dagsturhytta langs Grebbeløypa. I stikrysset Gråurdsdale, ta til venstre og følg skiltinga vidare til Dagsturhytta, cirka 2 km. Her er knallfin utsikt og koseleg nisteplass! Frå Dagsturhytta, fins det mange stiar til Voss sentrum. Sjå på kartet. Ein fin tur er å fylgja skogsvegen til venstre bak den raude hytta bak Dagsturhytta. Denne snor seg omlag 2 km nedover lia før du kan ta til venstre ned hovudstien mot Mølster og deretter vidare mot Voss sentrum.

Frå Heggjavad

Frå parkeringsplassen går du nedover på bilvegen i om lag 400 m. Her tek du til venstre og går opp traktorvegen i om lag 2,2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Traktorvegen er i bruk til skogsarbeid, vis hensyn. Slik vegen er i per d.d. kan me ikkje anbefala denne turen med terrenggåande rullestol. Stien frå Heggjavad går stort sett på traktorveg. Denne er enkelte stadar ganske bratt, i tillegg er partiet øverst ganske blaut og gjørmete til tider. Her er det planlagt tiltak for å gjera vegen betre. På Ut.no oppfyller turen krava for «Godt tilgjengeleg tur». 

Avstandar

Frå Mølstertunet: Turen er 4 km og har 450 meter stigning.

Frå Hangurstoppen: Om lag 2 km slakt nedover.

Frå Heggjavad: Turen er 2,6 km og har 270 meter stigning.

Sjå elles meir informasjon på Voss herad sine nettsider: Dagsturhytta på Voss