Stord kommune - Utsletteslottet

Dagsturhytta i Stord har fått namnet Utsletteslottet og ligg på Utslettefjellet (252 m.o.h) i bydel Sagvåg.

dagsturhytta i Stord kommune
Dagsturhytta Utsletteslottet i Stord kommune

Tilkomst og parkering

Ein parkerar ved Nysæter idrettsplass på oversida av kunstgrasbanane ved Solidhuset.

Ta av E39 på Heiane og køyr Sagvågsvegen ca 3,3 km. Ta til venstre i rundkøyringa ved Rema 1000 og inn på Fitjarvegen. Etter 500 meter ta til høgre (skilta mot dagsturhytta). Køyr 800 meter på Utslettevegen og du er framme ved skilta parkeringsplass.

Stien til hytta

Stien går bratt opp eit skår med delvis stein og jordbotn. Turen er på ca 200 høgdemeter fordelt på 1100 meter, så ganske bratt, spesielt i starten. Godt å snu seg å nyta utsikta og ta ein pust i bakken. Etter kring 400 meter med stigning held ein høgre der det flatar ut og stien går over eit myrområde. Føl stien her i kring 600 meter før ein tek til venstre opp moderat stigning dei siste 300 metrane til hytta. Brukt godt fottøy, spesielt når det er vått.

Avstandar

Det er kring 1200 meter å gå med rundt 250 høgdemeter inn til hytta. Turen tar om kring ein time om ein reknar god tid.

  Film av Stord kommune og Vestland Media v/Peter Tubaas: