Ragdebu i Ullensvang kommune
Ragdebu ligg i skogen over bustadfeltet Ragde i Odda med utsyn mot by og fjord.

Tilkomst og parkering
Parkering i sentrum av Odda, men du kan ta buss til bussstoppet Ragdelia, der stien startar i enden av snuplassen.
Stien til hytta
Frå startpunktet øvst i Ragdelia tek det berre 5–10 minuttar å gå til Ragdebu. Ingen av dagsturhyttene i Hordaland har kortare distanse frå start til mål. Dersom du skal gå frå parkeringsplass, tek turen nede frå Odda sentrum ein dryg halvtime.
Ein brei og velbrukt skogsti går fram til hytta. Her er og fleire andre stiar til hytta og vidare opp fjellsida. Du er både nær og langt borte frå det pulserande livet nede ved fjorden når du tek den korte turen opp til skog og elvesus.
Om utsikta og området
Hytta har stor utsikt nordover, ut fjorden, mot Eitrheimsneset, Tokheimsnuten og fjellsida i vest. Der oppe på toppen av dei høge fjella kan du skimte Folgefonna.
Avstandar
Frå sentrum: om lag 1,5 kilometer.
Frå busstopp Ragdelia: om lag 500 meter.
Frå sentrum tek det om lag 40 minutt opp, medan det tek om lag 15 minutt frå Ragdelia.