Sørefjordhytta - Hyllestad kommune

Dagsturhytta i Hyllestad er plassert ved Sørefjordvatnet og med utsikt mot Lihesten og ut over Åfjorden. Dette er like ved stien til Hesjetinden, men hytta og området rundt er turmål i seg sjølv. Hytta har fått namnet Sørefjordhytta etter vatnet ho ligg ved.

Dagsturhytta-i-Hyllestad-SSF-04808.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Det er tre alternative ruter: 

  • Parkering på Akse: Køyr frå Hyllestad i retning Leirvik/Rysjedalsvika. Etter ca. 3,5 km kjem det eit kryss der du tar av til Birkeland. Vidare køyrer du ca. 1,5 km før du tar av til Akse. Etter ca. 1 km er du framme ved parkeringsplass.
  • Parkering i Hyllestad: parker ved Spar-butikken/idrettsbana på Hyllestad. Like ved byggefeltet Myklebustfeltet går du til toppen av Myklebustlia. Her startar stien til dagsturhytta.
  • Øvråshøgda: frå Hyllestad sentrum/kommunehus køyrer du ca. 11,5 km i retning mot Fjaler. På toppen av Øvråshøgda tar du til venstre to gonger. Frå hovudvegen og til Mørketjønnbotnen er det ca. 1 km. Det er plass til nokre bilar i Mørketjønnbotnen, elles kan du parkere rett etter avkøyrsla på Øvråshøgda. 

Stien til hytta

  • Frå Akse: om lag 25 min. gåtid til hytta. Denne stien er best om barn er med på turen
  • Frå Hyllestad sentrum: om lag 1 time og 15 min. gåtid til hytta.
  • Frå Øvråshøgda/Mørketjønnbotn (sideveg): turen tek om lag 50 minutt.

Stien er litt bratt i starten og du går vekselvis i skog og noko blautt terreng før du om lag halvveges kjem over på fjell, og det flatar ut.

Avstandar

Det er om lag 1 km. frå Akse, 4,7 km. frå Hyllestad sentrum og ca. 2,3 km frå Øvråshøgda.