Ulvik herad - Solhaug

Hytta i Ulvik er plassert i Åsen, eit skogsområde med fin utsikt utover bygda. Dette er ei hytte som har fokus på enkel tilkomst, og der ein har høve til å forlenge turen om ein vil.

I Åsen er det mange kilometer med skogsvegar, som er kjekke å ta både til fots og på sykkel. Fine utsiktspunkt finn ein både langs Osafjorden og ut mot Birjetangen.

I Ulvik har Ulvik turlag tilsynet for Solhaug.

Tilkomst og parkering

Hytta kan du koma til frå ulike startpunkt, men turen er skilta frå Holmen Idrettsanlegg. Dersom du har bil, startar turen frå parkeringa ved Holmen idrettsanlegg, om lag 3,5  km frå Brakanes sentrum. Det er tydeleg skilta til dagsturhytta frå parkeringsplassen.  Ved Holmen idrettsanlegg er det og offentleg toalett.

For å koma til Holmen idrettsanlegg følgjer du vegen i retning Osa. Etter 2,5 km passerer du Ulvik Barnehage, då tek du til høgre i retning Hardanger Produksjonsskule/Rondestveit.

Stien til hytta

Frå parkeringsplassen startar turen på asfaltert veg nokre hundre meter. Deretter går stien inn på trakorveg opp i Åsen. Her har det nyleg vore teke ut skog, så vegen er for tida i enkelte parti gjørmete. Gode sko er derfor viktig.

Avstandar

Det er 1,3 km frå parkeringa Holmen og til hytta. Turen opp til Solhaug tek om lag 30 min. i roleg gange.