Skaraly - Sunnfjord kommune

Dagsturhytta ligg ved Kårstadskaret på ca. 700 moh. Ypperleg for ein tur i seg sjølv eller som eit kort eller lenger stopp med fantastisk utsikt mot Dalsfjorden, Storehesten og Sunnfjordfjella. Det er også flott å bade i småtjerna omkring eller slappe av i solveggen og nyte utsikta.

Bilde av ei dagsturhytte. Det er snø rundt hytta.
Dagsturhytta i Sunnfjord, Skaraly. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 mot Bygstad og Bringeland og følg fv. 57 til Bygstad. Frå Bygstad er det skilta veg til Storehesten. Kjøyr forbi Rytne gard og betal bompengar. Parkering er ved Nygjeldshaugane. 

Stien til hytta

Turen går i fint og luftig turterreng i same trasé som Storehesten opp. Stien er godt opparbeidd med grus, singel, steinheller og rekkverk enkelte stader. På veg opp mot hytta går du forbi eit fint stølsområde. Frå hytta er det fint å ta turen vidare til både Litlehesten og Storehesten. 

Avstandar

Turen opp tek om lag 40 minutt i normalt gåtempo. Turen har variert stigning og er middels krevjande. Hytta ligg på om lag 750 moh., og hødeskilnaden frå parkering til hytta er om lag 200 meter. Det er 3 km ein veg. 

Hytta si Facebook-gruppe