Sjøglytt - Stad kommune

Dagsturhytta ligg på Risnakken, rett over Selje sentrum.

Dagsturhytta-i-Selje-SSF-04827- Foto_Atle_Skrede.JPG

Foto: Atle Skrede/Vestland fylkeskommune

Tilkomst og parkering

Du kan parkere i Selje sentrum, ved skulen eller eventuelt ved Kyrkjevegen Næringsbygg. Kjem du padlande, kan du parkere kajakken ved servicebygget/Seljesanden, eventuelt med flytebrygga i småbåthamna.

Ankomst ved kollektivtransport

Buss: Gå av ved busskuret ved Selje skule.
Båt: Gå frå kaia mot Seljesanden. Då ser du løypa rett fram.

Stien til hytta

Turen startar i Skogaveien ved doktorgården. Du går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil du sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken på høgre side av vegen. Det er bratt, men gode trappetrinn. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja. Du kan også ta det som ein liten rundtur. Det går sti frå Risnakken og vidare bak mot Djupedalen. Denne stien blir snart oppgradert til turveg, slik at endå fleire kjem seg opp til dagsturhytta og får sjå den fantastiske utsikta. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ei fantastisk  utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Avstandar

Hytta ligg på om lag 135 moh. Turen opp tek 10–30 minutt avhengig av tempo.

Følg med på Facebook-sida til dagsturhytta i Selje.

Rett ved hytta er det fleire treningsapparat til fri bruk.