Siglingabu - Askøy kommune

Hytta ligg midt i eit flott opparbeidd friluftsområde på den austlege delen av Askøy, om lag 15 kilometer frå Askøybrua.

Dagsturhytta Siglingabu på Askøy
Over 200 personar deltok på opninga av dagsturhytta Siglingabu på Askøy 7. juni 2026.

Siglingabu ligg midt i eit flott opparbeidd friluftsområde. Sitkagran er rydda, og det er lett å kome seg ned til hytta via ein ny vegstubb. Her er lys frå solceller og nybygd bryggjeanlegg. Du kan nytte båt eller kano, du kan fiske eller bade. Her er stiar og vegar i mange retningar. Hytta er blitt ein framifrå kombinasjon av turmål og av varierte opplevingar. Benken på bryggja har fått namnet “ja-benken”.

Parkering

Du kan parkere på ein stor parkeringsplass i utkanten av Siglingavatnet friluftspark. Du kjem dit anten på den svingete og smale vegen via Ask, eller den litt breiare vegen over Ravnanger.  

Stien og området

Frå parkeringsplassen er det berre 1200 meter å gå til hytta, heile tida på grusveg. Du ser tidleg den idylliske strandlinja på Siglingavatnet. Vegen blir nytta som lysløype, er lett å gå og er universell tilrettelagt heilt fram til hytta.  

Du kan gå ei rundbaneløype og følgje grusvegen forbi hytta attende til parkeringsplassen. Med ein liten avstikkar, gjennom sti frå parkeringsplassen, kjem du til Kjerrgardstårnet, eit skogstårn bygd med lokal entusiasme på dugnad. Her er det utsikt over det skogkledde landskapet på Askøy, men du ser også til Holsnøy, Øygarden og Bergen.  

Andre opplevingar i området er naturområdet Herdla, handelsstaden Strusshamn og Ask, kongsgard og jordbærstad.