Samnanger kommune - Prestakvilet

Dagsturhytta i Samnanger ligg ved Kvernesvatnet, eit idyllisk skogsområde med ulike turmål og med moglegheit for å bada.

dagsturhytta i samnanger kommune
Dagsturhytta Prestakvilet i Samnanger kommune

Hytta i Samnanger er plassert ved den gamle Prestavegen, ein veg som i si tid vart bygd for at presten som kom frå Os skulle koma seg greitt inn til kyrkja på Ådland. Hytta har derfor fått namnet «Prestakvilet».

Dette er ei hytte som har fokus på enkel adkomst, og ein har moglegheiten til å forlenge turen om ein vil. Om ein er ute etter ein kortare tur, finst det fleire flotte utkikkspunkt og stoppestadar undervegs. Spesielt kan ein trekke fram utkikksbenken ved Søvika, ca halvvegs til dagsturhytta.

Tilkomst og parkering

Stien til Prestakvilet startar frå parkeringa på Ådland v/kyrkja, om lag 1,6 km frå Bjørkheim sentrum (FV7). Det er skilta til dagsturhytta frå vegen.

Stien til hytta

Stien startar med ein gong du stig ut av bilen på Ådland, og startar ganske lett med flat bilveg med vekselvis asfalt og grus det første stykket. Merk at vegen frå parkeringsplassen går over til å bli privat, det er difor ikkje høve til å køyre lenger enn til parkeringsplassen v/kyrkja. Etter omtrent 1 km går vegen over til sti, og terrenget vert meir kuppert. Om det er nedbør, er det lurt å bruke gode sko då det tidvis er vått i marka. Når ein nærmar seg målet, vil ein få auge på dagsturhytta ca. 20 meter frå stien v/ Kvernesvatnet. Dette er det første vatnet du kjem til.

Avstandar

Heile turen frå parkeringsplassen og fram er på ca. 2,3 km og tek omtrent 1 time i roleg gange.