Orrabu - Sogndal kommune

Dagsturhytta ligg på Eggjahaugane på Leikanger og heiter Orrabu. Frå Eggjahaugane har du utsikt til Hermansverk sentrum, inn fjorden til Fresvik, til Feios og vestover mot Vangsnes i Vik kommune.

Bilde av ei dagsturhytte. Det er snø på taket og snø rundt hytta. Det er sol og litt skyer på himmelen.
Dagsturhytta i Sogndal, Orrabu. Foto: Sigrun Espe / Vestland fylkeskommune.

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på parkeringsplassen ved Kleppa skisenter. Ta av til Kleppa ved rv. 55 på Hermansverk og følg Kleppavegen til skisenteret. Vegen er skilta undervegs.  

Stien til hytta

Du har fleire turmoglegheiter for å kome til Orrabu. Den kortaste startar frå parkeringsplassen ved Kleppa. Du kan følge stien rett opp slalombakken eller følge ein grusveg rundt bakken til venstre. Stien går delvis i myr, men det er lagt ut plankar. Turen er skilta. 

Vel du å gå grusvegen følgjer du vegen forbi ein støl. På flata går det ein sti rett mot toppen av skitrekket. Etter at du har passert trekket, held du fram du innover på stien over eit myrområde til du ser hytta. 

Vinterstid: det er trakka skiløyper på Øvstestølen.

For dei kjende: gå inn Henjadalen til stølen Dalhjella. Følg så stien til Stokksete og ta av etter Raumålsgrinda. 

Avstandar

Eggjahaugen, der hytta ligg, er om lag 530 moh. Turen opp til dagsturhytta tek om lag 30–45 minutt frå parkeringsplassen på Kleppa dersom du har med deg born. Turen er 1,5 km ein veg.