Moakamben – Årdal kommune

Dagsturhytta i Årdal ligg på Moakamben i Øvre Årdal. Herifrå er det flott utsikt over bygda.

Bilde av ei dagsturhytte. Ho står blant lauvtreskog.
Dagsturhytta i Årdal, Moakamben. Foto: Atle Skrede / Vestland fylkeskommune.

Tikomst og parkering

Med bil: Frå Øvre Årdal følger du fv. 53 til parkeringsplassen ved Moa. Følg skilting til sti. 

Til fots eller sykkel: Start gjerne ved Lykkja i Utladalen.  

Lenger tur: Du kan parkere ved Årdalshallen i sentrum av Øvre Årdal.  

Stien til hytta

Frå Moa: følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca. 200 meter tek stien av opp til venstre. Stien er bratt i starten, men flatar ut etter kvart. Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta.

Frå Lykkja, Utladalen: følg sti frå Lykkja i Utladalen. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til turposten til Årdal Turlag. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att. Turen til Moakamben tek normalt 30 minuttar til 1 time.

Lenger tur: om du ønskjer ein lenger tur, kan du starte frå Rallaren-statuen i sentrum av Øvre Årdal og følge sykkelsti fram til Olmenhagen. Når sykkelstien kryssar bilvegen, fylgjer du bilvegen over brua ca. 150 m fram til trappene til Ytre Moa og vidare oppover.

Avstandar

Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta, som ligg på om lag 245 moh. Turen er 0,7 km lang ein veg. 

Følg med på Facebook-sida til Moakamben.