Kvinnherad kommune - Fagnabu

Dagsturhytta i Kvinnherad ligg idyllisk til ved Nautavatnet.

Dagsturhytta Fagnabu i Kvinnherad kommune.
Fagnabu. Foto: Kvinnherad kommune

Tilkomst og parkering

Frå fylkesveg 5024 følgjer du skilting til skisenteret i Fjellhaugen, parkeringsplassen ligg ved Fjellhaugen Skisenter.

Stien til hytta

Frå nedste parkeringsplassen følgjer du grusveg i søraustleg retning om lag 300 meter. På høgre hand startar ein tursti/traktorveg som du følgjer vel 700 meter oppover i dalen, framleis mot søraust. Dalen opnar seg her i Fagnabotn, og svakt mot venstre følgjer du ein lite tydelig sti med elva på høgra hand. Du skal ikkje over bruka. I starten er eit våtmarksprega parti og kryssing av ein bekk, deretter meir fast grunn og periodevis tørr sti. Sporadiske sauetråkk kan leia deg i feil retning. I periodar vil stien vere tydeleg, og stien følgjer i hovudsak elva. Du får tjørna 640 på venstre hand og kryssar elva over ei ny bru som ikkje er merka av på kartet. Frå brua er det om lag 250 meter utan tydeleg sti i søraustleg retning opp til dagsturhytta og Nautavatnet, og du kan sjå den karakteristiske hytteprofilen på avstand.

Avstandar

Hytta ligg 2.7 km frå parkeringsplassen og det tar litt i overkant av ein time å gå inn i rolig tempo.