Bømlo kommune - Kurebu

Dagsturhytta Kurebu på Bømlo ligg på Goddo i turområdet mot Barmane.

Arbeidet med dagsturhytta er i sluttfasen. 

Tilkomst og parkering

Parkering med bil på parkeringsplass mot Helgeplass, til venstre etter Kinnestraumen Bru. Mulighet for tilkomst med kajakk frå friluftsområdet Barmane. Herifrå ser ein hytta på eit høgdedrag mot aust.

Stien til hytta

Stien frå parkeringsplassen er om lag 2 km lang, og går i kupert terreng. På Goddo er det eit ope og fritt landskap med myr, stein og knaus.

Avstandar

Du bør pårekna ein om lag 30 minutt gåtur. 20 minutt med godt driv, 40 minutt med god tid.