Kletten - Kinn kommune

Klettenhytta ligg i Deknepollen med utsikt mot fjord, fjell og hav.

Dagsturhytta-i-Vagsoy-Kletten-SSF-03989.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Hytta ligg i Deknepollen og har tre ulike tilkomstar: Ein frå Blålid, ein frå Kulen (rett før Måløybrua) og tilkomsten frå Okshola, som er mest brukt.

  • Dersom du skal gå vegen frå Okshola, er det best å parkere ved Skavøypoll barnehage/skule. Følg vegen opp til øvre Okshola før stien startar. Denne turen tar ca. 30 minutter i normalt tempo.
  • Dersom turen startar på Kulen, er det best å parkere ved Asvo og gå langs vegen til starten på stien. Dette er ein kortare, men brattare sti til toppen. Turen tar ca. 15 minutter.
  • Stien frå Blålid er ikkje knytt til noko spesiell parkering og tek ca. 35 min. å gå i normalt tempo.

Stien til hytta

Alle tre tilkomstane er familievennlege turar, men det er lettare terreng i turane frå Okshola og Blålid. Alle stiane er i kupert terreng. Turen frå Kulen er kort, men bratt. Dette er ein populær turtopp for familiar og er ein del av turane i vintertrimmen junior i regi av YNT (Ytre Nordfjord Turlag). Hytta ligg rett nedanfor toppen på fjellet på ca. 135 høgdemeter.

​Avstandar

  • Avstand frå Okshola: ca. 30 minutter gange
  • Avstand frå Kulen: ca. 35 minutter gange
  • Avstand frå Blålid: ca. 15 minutter gange (bratt)