Golfståvo i Sveio kommune

Dagsturhytta Golfståvo ligg midt i Sveio golfpark, nært Sveio sentrum.

Dagsturhytta Golfståvo i Sveio, som ligg inne i golfbane.
Foto: Jan M. Lillebø

Parkering og tilkomst

Det er skilta parkering for besøkande til dagsturhytta i Leitevegen ved Sveio golfpark. 

Stien til hytta og området

Vegen til Golfståvo er som ein tur i parken, nærare bestemt i golfparken som ligg like ved Sveio sentrum. Du kjem hit ved å ta av frå E 39 inn på fylkesveg 47. 

Her det ei golfbane med 18 hol og ei med 9 hol, drifta av Sveio golfpark AS. Området er grønt og vakkert, omkransa av furuskog med fine grusvegar. Turgåarar kan ferdast på turvegane i golfparken i sløyfer på to og fire km, og samtidig sjå golfspelarar i aksjon. Turen til Golståvo er på omlag 2 km frå klubbhuset.   

Til denne hytta kan dei fleste kome seg. Og her kan du bli ei stund. Utanfor hytta er det sett opp benker med utsyn til dei grøne markene på bana.