Gytta - Sunnfjord kommune

Hytta i Førde har solcellepanel, vedomn og utedo. På dugnad har hytta fått stor platting, tau i stien og bålpanne.

Dagsturhytta-Gyttakvia-SSF-03490.JPG

Foto: Sissel Straume Svoen

Tilkomst og parkering

Du kan parkere ved Vieåsen barnehage. Det er merka sti frå sentralsjukehuset. 

Stien til hytta

Start turen ved aktivitetsparken i Vieåsen. Gå ein bratt og gruslagd sti til venstre oppover forbi husa. Turen er godt opparbeidd med både stein, røter og mjukt underlag. Hytta ligg litt under Vetle Viefjellet, og du kan gå vidare til Viefjellet. Derifrå kan du gå endå vidare til Soleide.

Turen til hytta tek om lag 20 minutt i normalt gåtempo. Du kan rekne med 40 minuttar med ungar. Hytta ligg på om lag 300 moh. 

Gytta har ei eiga Facebookgruppe, og ein eigen dugnadsgjeng.