Sunnfjord kommune - Fjellro

Fjellro ligg på Hjellasva, litt over halvvegs på stien mellom Skei og Fygladalen. Hytta ligg med fantastisk utsikt over Jølstravatnet.

Bilde av ei dagsturhytte. I bakgrunnen er det Jølstravatnent og fjell. Regntung dag.
Dagsturhytta i Sunnfjord, Fjellro. Foto: Magnar Egil Øren Gangsø.

Tilkomst og parkering

Parker ved Thon Hotel Jølster eller finn ein annan ledig plass i sentrumsområdet. Du kan òg parkere ved Skei skule om du vil gå derifrå. Viss du kjem med buss kan du gå av ved hotellet, eller ved Esso Skei.

Stien til hytta

Det er merka to stiar opp til hytta:

  • Følg gangvegen langs Jølstravatnet om lag 100 meter mot Førde. Her er det skilta mot vassbassenget på Fygla. Herfrå er det to stiar mot dagsturhytta. Det tar omtrent 10 minutter frå vassbassenget til hytta. 
  • Den andre stien som er merka går opp frå Jølster Panorama (tidlegare Haugen Camping). 

Stien frå Skei skule er ein lenger tur. Om du vil gå enda lenger er det stiar vidare opp i Fygladalen. 

Avstandar

Det tek mellom 30 og 60 minutt å gå opp frå sentrum på Skei, alt etter kva tempo du går i. Hytta ligg på 464 moh. og det er omtrent 1,6 km ein veg.