Eidfjord kommune - Aokanbu

Dagsturhytta i Eidfjord ligg på i Storehei ovanfor Lægreid i Eidfjord. Herifrå er det flott utsikt over bygda.

Bilde av ei dagsturhytte med Eidfjord i bakgrunnen.
Dagsturhytta i Eidfjord, Aokanbu. Foto: Bergljot Maria Veivåg Hauso

Tilkomst og parkering

Du kan parkere på merka parkeringsplassar ved kyrkjene på Lægreid. Ta av frå rv. 7 i sentrum og fylg skilting mot kyrkja. Du kan parkere på kommunal parkeringsplass mellom skulen og kyrkja eller ved Gamlekyrkja. Turen er skilta frå parkeringa. 

Turgåarar til dagsturhytta skal ikkje parkere ved trafo i Øvrehagen.

Stien til hytta

Frå kyrkja: følg merka løype langs veg til Øvrehagen byggefelt (B2). Gå til endes på byggefeltet der asfaltert veg endar. Stien går her over i traktorveg, følg denne til endes. Frå traktorvegen går stien inn i skogen og oppover langs ein liten bekk, fram til hytta. Stien krev godt fottøy.

Frå Gamlekyrkja: følg merka løype langs veg gjennom Tråa til Øvrehagen byggefelt (B2), her møtast dei to løypene. 

Stien til hytta tek av frå lilla turløype Lægreid–Øvrehagen–Vasshjadlane–Hjellerud. Det er difor mogeleg å ta ein avstikkar frå denne rundturen for å gå til dagsturhytta. 

Avstandar

Du brukar om lag 30 minutt frå parkeringsplassen ved kyrkja og fram til hytta, som ligg 150 moh. Turen er omtrent 1,5 km lang. 

  • Ta med ved til eigen bruk, det du ikkje bruker sjølv kan du lagre ved hytta.
  • Alt søppel skal takast med ned til vegen, der finn du søppelspann.
  • Det er bålfat ved hytta, det kan ikkje fyrast opp i bålfatet når terrenget er svært tørt. Ta med sløkkevatn dersom du skal tenne opp bål. Ikkje fyr opp bål andre plassar enn i bålfatet. 
  • Det er ikkje lov å overnatte inne i hytta