Aurihophytta - Fedje kommune

Dagsturhytta i Fedje kjem i Aurihopen hausten 2020, og får namnet Aurihophytta.

Her skal dagsturhytta i Fedje ligge. 

Tilkomst og parkering

For å ta turen til Aurihophytta kan ein parkera tre ulike stader : Træsneset, Høgden eller Fyrsundet.

Træsneset: Når du kjem i land på fergekaien, tek du til høgre og følgjer Stormarkvegen 200 meter til bedehuset. Køyr/gå 800 meter langs Mulevegen til Træsnesvegen. Følg denne til endes 200 meter der stien startar. Her er det mogeleg å parkera.

Høgden: Når du kjem i land på fergekaien, tek du til høgre og følgjer Stormarkvegen. På høgre side går du forbi Husavatnet og Storavatnet. 150 meter etter at du har passert Storavatnet, er det ein parkeringsplass på høgre side av vegen der stien startar. Frå fergekaien til parkeringsplassen er det 2,2 km.

Fyrsundet: Når du kjem i land på fergekaien, tek du til høgre og følgjer Stormarkvegen mot Stormark kai. 100 meter før du kjem til kaien, tek Fyrsundvegen av til høgre. Følg denne til endes. Her er det muleg å parkera. Frå fergekaien til Fyrsundet er det 5,0 km.

Stien til hytta

Frå Træsneset har stien grus i ei lengde på 100 meter. Frå Høgden har stien grus i ei lengde på 1,1 km. Stiane går elles i lyngmark og på berg. Når det har vore dårleg ver, krev alle alternativ gode sko.

Avstandar

  • Frå Træsneset: 2,6 km 75 minutter
  • Frå Høgden: 3,5 km 90 minutter
  • Frå Fyrsundet: 1,0 km 25 minutter