Balabu - Sogndal kommune

Dagsturhytta i Balestrand står ved Balastølen, på om lag 400 moh.

Dagsturhytta-i-Balestrand--SSF-04788.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Parkering ved Belehalli ved Sagatun skule. Eller du kan gå frå sentrum ved å følge turskilta opp Lærargata til Belehalli. Der er oversiktskart over alle turalternativa i nærområdet. 

Stien til hytta

Frå Belehalli: Følg blåmerka sti opp til Orrebenken og 100 meter vidare. Her kjem du til eit skilt som viser Balastølen/Fjærestadstølen til venstre. Det er moglegheit for å gå vidare opp til Raudmelen (raudmerka sti).