Nykshytta - Askvoll kommune

Dagsturhytta i Askvoll ligg ved Nyksvatnet i Holmedal.  Turen til hytta kan vere eit flott utgangspunkt for turar til Moldura og Dokka.

Dagsturhytta-i-Askvoll-Nykshytta-SSF-03924.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Følg fv. 609 til du kjem til Holmedal. I krysset der du kan ta av til sentrum vel du vegen som går nordover. Dette er Morkavegen. Etter 900 m er det skilt mot parkeringsplass. Deretter følger du grusveg i 1 km og parkerar ved vassverket i Holmedal.

Stien til hytta

Fyrste del av stien går på ein smal traktorveg til Vikastølen. Derifrå går du på tydleg sti med stigning mot Nyksvatnet. Ved stidelet tar du austover mot Moldura. Dette er 100 m frå hytta. 

Avstandar

Hytta ligg på om lag 455 meter. Stien er 2,4 km og i vanleg tempo brukar du 45 minutt opp.

Nyksvatnet som ligg i nærleiken av hytta er drikkevatnet til Askvoll og Holmedal.