Trafikktrygging i Vestland: fire satsingsområde
Trafikktryggingsarbeidet skal rettast inn mot dei mest alvorlege ulykkestypane og trafikantar med særleg høg risiko, dette er hovudstrategien i Handlingsprogram for trafikktrygging i Vestland 2026–2029.
Satsingsområde i handlingsprogrammet
Det er peika ut fire satsingsområde med tilhøyrande delmål.
- Møte- og utforkøyringsulykker utanfor tettbygde strøk
Delmål: Færre skal omkomma eller verta hardt skadde i møte- og utforkøyringsulykker. - Mjuke trafikantar i regionsenter og langs skuleveg
Delmål: Færre mjuke trafikantar skal omkomma eller verta hardt skadde. - Trafikksikker åtferd
Delmål: Fleire trafikantar skal ha ei trafikksikker åtferd. - Trafikktryggingsarbeidet i Vestland
Delmål: Det organisatoriske trafikktryggingsarbeidet skal styrkast og stimulera til samordna aktivitet.
Ulykkesåret 2025 med 16 drepne i Vestland skapar stor uro. Utfordringsbiletet har vore likt dei siste åra, og
ulykkesutviklinga i Vestland peikar særleg på utforkøyringsulykker og ulykker med mjuke trafikantar som hovudutfordringar. Tiltaka og verkemidla i handlingsprogrammet er spissa inn mot desse utfordringane.
Nullvisjonen
Nullvisjonen er ein grunnleggjande føresetnad for Vestland fylkeskommune.
Dette er ein visjon om at ingen skal verta drepne eller hardt skadde i vegtrafikken.
Hovudmål
Færre skal omkomma eller verta hardt skadde i vegtrafikkulykker i fylket
Vestland skal bidra til å nå nasjonale målsettingar og ambisjonar for trafikktryggingsarbeidet. Nasjonal transportplan (NTP) legg til grunn følgjande ambisjon: «Innen 2030 skal det maksimalt være 350 drepte og hardt skadde i
veitrafikken, hvorav maksimalt 50 drepte. Ingen skal omkomme i veitrafikken i 2050.» Ut frå det nasjonale måltalet for 2030 er det fastsett fylkesvise måltal, som kjem fram den nasjonale tiltaksplanen. Det fylkesvise måltalet for Vestland vert nytta til å konkretisera hovudmålet for handlingsprogrammet.
Handlingsprogrammet blir rullert kvart fjerde år.