Reklame langs fylkesveg

Det krevst løyve for å sette opp reklameskilt eller privat skilt langs fylkesveg 

  • for skilt eller andre reklameinnretningar.
  • i skråning eller veggrøft.
  • ved fortau og gang- og sykkelveg.
  • på ulike veginstallasjonar som rasteplassar, rabattar eller gangbruer.

Vil du feste reklame for ei verksemd på bygningen der verksemda held til og den berre viser firmanamnet eller typen verksemd, treng du ikkje løyve frå Vestland fylkeskommune.

Søk om å sett opp reklame langs fylkesveg

Reklame langs riksveg: søk Statens vegvesen
Reklame langs kommunal veg: søk kommunen. 

Søknaden må ha informasjon om

  • kven som er søkar og grunneigar.
  • lokasjon og plassering
  • reklamen sin art, innhald og utforming.
  • kor lenge reklamen blir ståande.

Korleis vurderer vi søknaden?

Trafikkfare blir alltid vurdert når vi handsamar søknaden om oppsetting av privat skilt eller reklame. Dette kan vere om reklamen hindrar fri sikt eller om det er fare for  at den distraherer trafikantane på staden på ein farleg måte. 

Løyve etter plan- og bygningslova

Skilt eller reklame kan også være søknadspliktig etter andre reglar, til dømes plan- og bygningslova, her er det kommunen som skal kontaktast for vurdering etter plan- og bygningslova.