Rettleiar: avkøyrsle- og byggegrensesaker

Rammeplanen gjeld fylkesvegnettet i Vestland fylke, og er rettleiande i  avkøyrsle- og byggegrensesaker, samt ved uttaler til kommune- og reguleringsplanar.

Haldningsklassar 

I rammeplanen er fylkesvegnettet delt inn haldningsklassar for avkøyrsler og tiltak langs vegen. Haldningsklassane er definerte i datakatalogen til Nasjonal vegdatabank (NVDB), og er felles for heile landet. Vestland fylkeskommune handsamar avkøyrsle- og byggegrensesaker med grunnlag i m.a. rammeplanen. 

Rammeplanen består av

  • rettleiar
  • kartløysing: fylkesatlas.no

Veglova § 29 definerer kva som er gjeldande byggegrense langs veg. Søknad og sakshandsaming om dispensasjon frå fastsett byggegrense skal skje i tråd med veglova §§ 29-30.

Veglova §§ 40-43 omhandlar avkøyrsle frå offentleg veg og kva krav som gjeld ved bygging og bruk av avkøyrsle. Søknad og sakshandsaming av avkøyrslesaker skal skje i tråd med veglova.