Å bygge langs veg

Skal du bygge garasje, avkøyrsel, parkeringsplass eller liknande? Om eigedomen din ligg langs fylkesveg må du hugse å sjekke med fylkeskommunen kva reglar og føresegner som gjeld for avkøyrsel og byggegrense for din eigedom.

Om eigedomen ligg langs ein kommunal veg må du sjekke med kommunen, og ligg den langs riks- eller europaveg må du kontakte Statens vegvesen. Ligg eigedomen langs ein fylkesveg, så er det nødvendig med løyve eller uttalele frå fylkeskommunen for:

  • bygging av ny avkøyrsel
  • utvida eller endra bruk av avkøyrsel
  • bygningar si avstand fra fylkesveg
  • anlegg av leidningar med vidare over, under eller langs vegen

Er dette tilfelle må du søkje om ny avkøyrsel og/eller søkje dispensasjon fra byggegrenser. Søknadane vert handsama av fylkeskommunen, men vert sendt inn gjennom felles, nasjonal søknadsportal.

Direktoratet for byggkvalitet (DBIK) har laga ein rettleiar som kan vere nyttig viss du har planar om å bygge på ein utbygd eigendom som ligg langs veg.