Utfordringar på fylkesvegnettet

Dei geografiske tilhøva for vegbygging er særs utfordrande i Vestland. Fylket har fleire tunnelar, bruer, kaier, meir nedbør, skiftande vær, vegar som er utsette for skred, svingar og bakkar enn elles i Noreg. Mykje av vegnettet er gamalt og slitt, og ikkje tilpassa dagens krav og standardar. Låg standard og stort vedlikehaldsetterslep går ut over trafikktryggleiken og framkome. Vestland er eit av fylka med høgast risiko for å bli drepen eller hardt skadd i trafikken.

Dei største naturfarane for vegnettet er flaum, stormflo og ulike skredhendingar. I tillegg syt sterk vind for at bruer og ferjesamband vert stengd. Det er venta at alle desse vil auke i omfang og styrke som følgje av endringar i klima.

Dei pågåande endringane i klima gjer at behovet for vedlikehald og oppgraderingar vil auke i dei komande åra. Endra nedbørsmønster gjer at infrastrukturen må tole meir enn det vi har vore vant med for at vi skal oppretthalde ein påliteleg og robust transportinfrastruktur. Klimaendringar vil auke faren for at skred og flaum kan råke nye stader der det ikkje har gått skred tidlegare. Det vert utfordrande å finansiere flaumsikring og tilpassing av vegnettet til klimaendringane.

Vestland har mange tunnelar, bruer og kaier som er dyre å drifte, vedlikehalde og oppgradera. Fylkeskommunen har utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag for bru på fylkesveg. Etter ei vurdering av tilstanden på fylkesvegbruene, kjem det fram fylkeskommunen har eit totalt forfall på omtrent 5,3 mrd. kr i 2025. Vedlikehaldsetterslepet er stort også for tunnelar, kaier, drenering, vegfundament, vegutstyr og vegdekke. Vestland er eit av fylka som har mest veg med dårleg eller svært dårleg dekkekvalitet.

Det totale vedlikehaldsetterslepet på vegnettet er i utgangspunktet rekna til å ligge på rundt 20 mrd. i 2025-kr. I tillegg er det ofte nødvendig å utbetre standarden når vi skal gjere tiltak for å ta att etterslepet. Dette skuldast forskriftsmessige krav til dømes for bruer og tunnelar, og av omsyn til trafikktryggleik og framkome.