Tunell
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
I regional transportplan 2022-2033 er det lagt inn ein strategi for tunell at fylkesvegtunellane med høgast trafikkmengd, stigning og lengde skal prioriterast for oppgradering etter tunelltryggleiksforskrifta.
Det er utarbeida eit fagleg grunnlag for tunellar som er omfatta av tunelltryggleiksforskrifta for fylkesveg (PDF).
Forskrifta gjeld for tunellar som er 500 meter eller lengre, og har Årsdøgntrafikk - summen av tal køyretøy som passerer eit punkt på ei vegstrekning gjennom året, dividert på årets dager, altså eit gjennomsnittstal for dagleg trafikkmengde. på 300 eller meir.
I det faglege grunnlaget vart minimumskrav etter forskrift rekna til om lag 1,8 mrd. kr og nærare 3,1 mrd. kr om ein skal følgje faglege tilrådingar og tilleggselement som har kome i handbok N500 Vegtunneler. Kostnadane har vist seg å vere vesentleg høgare enn først førespegla i det faglege grunnlaget for tunell. Årsaka er at nokre oppgraderingar er meir omfattande enn anteke, samt prisstigning i samfunnet.
Fylkeskommunen mottek i inneverande år i om lag 139 mill.kr. gjennom inntektssystemet til fylkeskommunane til særskild fordeling for kompensasjon for tunelltryggleiksforskrifta for fylkesveg. Med nivået på midlane som prioriterast til tunelloppgraderinga er det avgrensa moglegheiter til å gjere andre tiltak enn minstekrava i forskrifta i dei tunellane som rehabiliterast.
Frist for utbetring av tunellar på fylkesveg etter forskrifta er endra til 1. januar 2040, med moglegheit for forlenga frist med inntil 10 år etter søknad til Vegdirektoratet. Sjølv med utsett frist vil det vera krevjande for Vestland fylkeskommune å fullføre oppgraderingane etter forskrifta.
I det faglege grunnlaget er det sett opp ei prioriteringsliste i tråd med strategi for tunell i regional transportplan 2022-2033. Det er behov for å vurdere rekkjefølgja for prosjekt nærare, dels grunna kostnadar og dels samla trafikksituasjon i Bergensområdet ved rehabilitering av trafikktunge tunellar. Sistnemnte må også koordinerast med statlege tunelltiltak. For fv. 49 Folgefonntunnelen er det behov for å vurdere oppgradering i samband med pågåande arbeid med KVU E134 – Bergen (Arm til Bergen).
I økonomiplanperioden 2025-2028 er det prioritert midlar til fv. 566 Tiråstunellen, fv. 614 Magnhildskartunnelen, fv. 50 Vassbygdtunnelen og fv. 49 Fossenbrattetunnelen. Samla ligg det og 165,7 mill.kr. til nye prosjekt. Det er førebels ikkje avklart kva prosjekt dette blir. Fylkesdirektøren vil kome attende til vidare prioriteringar. Det er viktig at arbeidet med tunelloppgradering ikkje stoppar opp etter ferdigstilling av fv. 614 Magnhildskartunnelen.
Viktige tunelloppgraderingsprosjekt er lista opp under:
Viktige prosjekt for tunelloppgradering

Fv. 566 Tiråstunellen, Osterøy |
Fv.614 Magnhildskartunnelen, Bremanger |
Fv. 50 Vassbygdtunnelen, Aurland |
Fv. 49 Fossenbrattetunnelen, Samnanger |

Fv. 550 Eitrheimstunnelen, Ullensvang |
Fv. 540 Løvstakktunnelen, Bergen |
Fv. 562 Olsviktunnelen, Bergen |
Fv.562 Stongafjelltunnelen, Askøy |