Skredsikring
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
I Regional transportplan 2022-2033 er det lagt til grunn slik strategi for prioritering av skred:
«Ved prioritering og utbetring av skredpunkt skal nasjonal skredfaktor leggast til grunn, samt tilleggsmoment som ÅDT, lokale og regionale verknader av stengt veg, geologiske vurderingar og frekvens på skred».
Prioriteringane bygger på denne strategien. Det er i tillegg lagt vekt på regional balanse i prioritering av skredpunkt.
I 2025 får Vestland fylkeskommune rett i overkant av 452 mill. kr til særskilt fordeling til ras- og skredsikringstiltak på fylkesveg gjennom inntektssystemet for fylkeskommunane. I tråd med tidlegare vedtak i fylkestinget, skal desse midlane i heilskap gå til skredsikringstiltak.
Vestland fylkeskommune er vegeigaren med flest skredpunkt med høg skredfare, med 71 skredpunkt i høg kategori. Det er dermed store behov for skredsikring langs fylkesvegnettet i Vestland. Fylkestinget har prioritert 7 store skredsikringsprosjekt. Av desse er fv. 609 Heilevang, fv. 49 Steinsdalen – Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen - Austrepollen prioritert i gjeldande økonomiplanperiode.
Oversikt over skredsikringsprosjekt

Fv. 609 Heilevang, Askvoll/Sunnfjord |

Fv. 55 Bru over Esefjorden, Sogndal |

Fv. 49 Steinsdalen – Eikedalen (Tokagjelet), Kvam/Samnanger |

Fv. 49 Nordrepollen – Austrepollen, Kvinnherad |

Fv. 79 Steinstøberget, Kvam |

Fv. 5600 Arnafjorden, Vik |
Fv. 5724 Oldedalen, Stryn |
Det er og lagt opp til at om lag 100 mill. kr årleg blir avsett til innovativ skredsikring eller mindre skredsikringstiltak. Dei konkrete mindre tiltaka blir prioriterte gjennom årsbudsjetta til fylkeskommunen. Det vert mellom anna arbeida med eit forprosjekt i fv.5723 Lodalen for å stadfesta om automatisk skredvarslingsanlegg eignar seg.
Det er starta eit pilotprosjekt for innovativ skredsikring. Piloten arbeidar med eit utgangspunkt i behov for fysiske løysingar mot steinsprang som er kostnadseffektiv å anskaffe, drifte og vedlikehalde. Løysingane må vere trygge og sikre både under installasjon og for trafikk. Tidlegast mogleg oppstart av arbeid i felt er våren 2026, av omsyn til årstider og skredfare.
I tillegg til dei prioriterte, store skredsikringsprosjekta, og dei mindre skredsikringstiltaka er det fleire skredpunkt med høg og middels skredfare med behov for mellomstore tiltak. Dette gjeld særleg tiltak som inneberer skredvoll eller overbygg då desse som regel krev reguleringsplan og kostar meir enn 50-100 mill. kr.