Samfinansiering

Samfinansiering er eit verktøy for få realisert fleire fylkesvegprosjekt i samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunar, private verksemder eller staten. For å bli vurdert bør tiltaket gi betre trafikktryggleik, betre framkome, vera tiltak for mjuke trafikantar eller kollektivtiltak. Midlane skal nyttast til mindre prosjekt der andre går inn med bidrag. Aktuelle samfinansieringsprosjekt kan variere i kostnad mellom nokre få hundre tusen kroner til fleire hundre millionar kroner.

Faglege vurderingar skal leggjast til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak, og fylkeskommunen skal som hovudregel stå for realiseringa. Tiltaka som skal realiserast skal ha rett kvalitet og utforming, og det er viktig at det er god kontroll på kostnadane. Fylkeskommunen som byggherre skal ha ei sjølvstendig vurdering av kostnadar. Desse vurderingane blir lagt til grunn for avtaleinngåing, sjølv om det skulle ligge føre andre kostnadsvurderingar frå eksterne partar.

Fylkesdirektøren legg følgjande til grunn for samfinansieringsprosjekt:

  • Mindre tiltak kan dekkast innafor den årlege løyvinga til posten samfinansiering. Dette vil gjera det mogeleg å realisera byggeklare, gode tiltak som oppstår i samhandling med kommunar og andre gjennom året, på ein rask og ubyråkratisk måte.
  • Middels store tiltak kan dekkast innafor rammeløyvinga til samfinansiering når tiltaket er tilstrekkeleg planavklart og har finansiering. Desse prosjekta treng ofte ytterlegare planavklaring og dialog, og må «konkurrera» med andre tilsvarande tiltak innafor rammene.
  • Samfinansieringsprosjekt over 50 mill. kr vil normalt krevja fylkeskommunal løyving utover rammene til samfinansiering. Desse prosjekta vil få eiga linje under dei andre rammeløyvingane, og budsjettprosessen for desse er tilsvarande andre fylkesvegprosjekt.

Under kan ein sjå nokre store prosjekt som skal realiserast eller er i prosess. For meir informasjon om tiltaka sjå karta under dei ulike fanane.

  • 5184 Grimstadvegen, Bergen kommune. Avtale om samfinansiering er ikkje inngått.
  • 5402 Bavallsvegen, Voss kommune. Det er inngått avtale om samfinansiering.
  • 49 Egne Hjem, Ullensvang. Kommunen har fatta vedtak om at dei vil delta i ei samfinansiering for å realisere tiltaket.
  • Måløy kollektivknutepunkt
  • Kollektivterminal i Leirvik
  • Kapellneset-Raudeberg

Mindre tiltak som er under bygging / skal startast opp under samfinansieringspotten. Desse tiltaka ligg ikkje i karta:

  • fv. 570 Søre Kvingo- Kvamme, Masfjorden
  • fv. 571 Punktutbetring Kringla, Gulen
  • fv. 570 Steine Hovden gs-veg Gulen
  • Rundkjøring ved Storebøterminalen, Austevoll (Del av fv. 546 Storebø-Eidsbøen)
  • fv. 506 Utbetring Gyltasvingen, Solund
  • fv. 5050 Borggata, Stord

Tiltak under vurdering. Tiltaka ligg ikkje i karta:

  • Grøft Årdalstangen - Loi – straum til Steiggjetunnelen, Årdal
  • fv. 5064 Jensanesvegen i Sagvåg Fortau Vikanes, Stord
  • fv. 601 Prestfossen bru, nytt tilbod for mjuke trafikantar, Førde Sunnfjord
  • fv. 601 Oppgradering tilbod inn mot Prestfossen bru, Førde
  • fv. 614 Punktutbetringar mellom Holmaneset og Svelgen, Bremanger
  • fv. 567 Etablering av tilbod for mjuke trafikantar ved Holmane Næring i Fotlandsvåg, Osterøy
  • fv. 379 Punktutbetring frå Mollandseid bru, Masfjorden
  • fv. 5078 mellom Uggdal og Onarheim, Tysnes
  • Fortau ved Fleischer, Voss
  • fv. 602 Rutledal-Instefjord, Gulen
  • fv. 605 Nordgulen-Eivindvik, Gulen
  • fv. 616 Punktutbetringar, Bremanger

Oversikta er ikkje uttømmande.