Vedtak, RTP-investeringar 2025
Vedtak 17. juni 2025, møteprotokoll
PS 54/2005 Regional transportplan - Investeringar - Rullering 2025
1. Fylkestinget sluttar seg til Handlingsprogram RTP Investeringar 2025 slik det ligg føre, og legg denne til grunn for det vidare arbeidet med budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 fram mot fylkestinget i desember 2025.
2. Fylkestinget registrerer at fylkeskommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon som får konsekvensar for handlingsrommet for investeringane på fylkesvegnettet. Konsekvensane av meir ekstremvêr vil og gje auka uføresette kostnadar. Fylkestinget legg til grunn at det er særleg viktig å sikre framkome på vegnettet, og vil difor prioritere å ta vare på det eksisterande vegnettet og
avgrense vedlikehaldsetterslepet. Difor må oppgradering og utskifting av fylkesvegbruer, kaier og forsterkingsprogrammet prioriterast framfor nybygg.
3. Fylkestinget slår fast at dei høge økonomiske bindingane knytt til vedtekne prosjekt gjer at det er stramt økonomisk handlingsrom for å følgje opp strategiane i Regional transportplan. Fylkestinget konstaterer at det er avgrensa moglegheit for oppstart av nye tiltak innanfor rammeløyvingane til regionale hovudvegar, trafikktryggleik og mindre utbetringar, mjuke trafikantar og kollektivinfrastruktur. Dersom det er økonomisk handlingsrom ønskjer fylkestinget å prioritere
midlar til rammeløyvinga for trafikktryggleik og mindre utbetringar.
4. Fylkestinget held fast på tidlegare prioritering av store rassikringsprosjekt der fv. 609 Heilevang, fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen-Austrepollen skal prioriterast i tråd med PS 138/2024 Budsjett 2025/økonomiplan 2025-2028 innkludert budsjettmerknaden;
«Fylkestinget har ei klar forventning om at Vestland fylkeskommune og Kontaktutvalet som er oppretta for prosjekta på Fv 49, Tokagjelet og Poll til Poll, som del av arm til Bergen, også arbeidar for samfinansiering av desse prosjekta. Låneopptak for fylkeskommunen sitt bidrag til desse prosjekta skal finansierast av øyremerka skredsikringsmidlar avsett på bunde fond».
Fylkestinget legg til grunn at innanfor dei statlege rassikringsmidlane skal 100 mill. kr årleg gå til innovativ skredsikring og andre mindre skredsikringstiltak.
5. Etter prosjekta i punkt 4 er realisert, arbeider ein vidare med fv.79 Steinstøberget, fv. 5600 Arnafjorden, fv. 5704 Oldedalen og fv. 55 Esefjorden, i tråd med tidlegare vedtak i handlingsprogrammet for RTP. Grunna fylket sin økonomiske situasjon og kostnadene ved bru, ligg realisering av prosjektet fv. 55 Bru over Esefjorden fram i tid. Fylkestinget vil uansett skredssikre fv. 55 i Esefjorden, og ber om at fylkesdirektør kjem tilbake med sak om å vurdere dette som innovativ skredsikring.
6. Fylkestinget kjem attende til ferjeavløysingsprosjekta når det pågåande arbeidet med ei forbetra ferjeavløysingsordning er ferdig. Masfjorden kommune kan arbeide vidare med forbetring av Masfjordsambandet.
7. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere tiltak med ekstern finansiering som til dømes statlege midlar, bompengefinansiering og spleiselag med kommunar og private.
a. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å kome attende med saker knytt til bompengefinansiering av fv. 57 Holmeli-Sætenes og Osterøypakken.
b. Fylkestinget meiner at rammeløyvinga til samfinansiering bør vidareførast, og at faglege vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak.
c. Fylkestinget viser til at Statens vegvesen i sitt gjennomføringsprogram har lagt inn kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal, og ber fylkesdirektøren gå i dialog med vegvesenet om mogleg samfinansiering for prosjekta i komande økonomiplanperiode.
8. Fylkestinget viser til at det er mange pågåande planprosessar for tiltak som ikkje har finansiering til gjennomføring, og at planreserven er for høg i forhold til dei økonomiske ressursane som er tilgjengeleg for gjennomføring. Oppstart av nye planprosjekt krev store ressursar, og fylkestinget ser at det er avgrensa rom for å starte opp nye planar. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere planar for prosjekt som er realistiske å få gjennomført.
9. Fylkestinget ber fylkesdirektøren vurdere å utarbeide breiare konsekvensanalysar ved prioritering av framtidige investeringsprosjekt i Regional transportplan.
10. Fylkestinget ber også om ei sak der fylkesdirektøren drøfter endring frå P50 til P85 kostnadsestimat i investeringsprosjekt i RTP for å redusera økonomisk risiko.
11. Fylkesutvalet ber om ei sak i god tid før neste rullering av RTP der ein vurderer om ein skal ha politisk vedtekne marginallister over tiltak.
Protokollmerknad
Fremskrittspartiet sine representantar syner til Fremskrittspartiet sitt alternative Budsjett 2025/Økonomiplan 2025-28 der ein har lista opp fylkesvegprosjekt som vart prioritert i økonomiplanperioden. Fremskrittspartiet syner også til behovet for å ferdigstille allereie igangsette strekningsvise utbetringar på FV79 som omkøyringsveg for E16, samt ny kryssløysing for Djuvikflaten på Askøy. Fremskrittspartiet vil komme attende til prioritering av desse
prosjosjekta i Budsjett 2026/Økonomiplan 2026-29.
Sakshandsaming
Marthe Hammer (SV) sette fram slikt forslag
«Tillegg - nytt punkt
FV 587 Grimesvingene er høgt trafikkert fylkesveg (ÅDT om lag 11 000), med ei svært viktig strategisk rolle som omkøyrings- og avlastningsveg i Bergen med særs dårleg framkome. Med planlegging av bybane i Bergen og oppgradering av Fløyfjellstunnellen er det ikkje berre behov for mindre strakstiltak, men at ein realiserer tunell bak Grimesvingene. Ny trafikksituasjon i Skjordskiftet med omlegging av E39 Rådal, gjer at ein ny tunnell bak Grimesvingene kan erstatte framtidig behov for ny motorvegtunnel.
Vestland fylke ber om at ny tunnell bak Grimesvingene vert tatt med i dialog med Bergen kommune og staten om finansiering og trafikkavvikling for gjennomføring av bybanen til Åsane og ny Fløyfjellstunnell.»
Frank Willy Djuvik (FrP) sette fram slike forslag
(a) «Alternativ, punkt 1
Fylkestinget sluttar seg til Handlingsprogram RTP Investeringar 2025 slik det ligg føre, men aukar den samla investeringsramma til Strekningsvise fylkesvegprosjekt og Trafikktrygging/mindre utbetringar med totalt 250 mill kr pr år. Dette vert lagt til grunn for det vidare arbeidet med Budsjett 2026 og Økonomiplan 2026-2029 fram mot fylkestinget i desember 2025.»
(b) «Alternativ, punkt 6
a. Fylkestinget meiner at rammeløyvinga til samfinansiering bør vidareførast, og at faglege
vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak.
b. Fylkestinget viser til at Statens vegvesen i sitt gjennomføringsprogram har lagt inn
kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal, og ber fylkesdirektøren gå i dialog med
Statens Vegvesen om mogleg samfinansiering for prosjekta i komande
økonomiplanperiode.»
(c) «Tillegg - nytt punkt
Arbeidet med Masfjordsambandet som ferjeavløysingsprosjekt vert vidareført.»
Frank Willy Djuvik (FrP) sette på vegner av FrP fram slik protokollmerknad:
«FrPs representantar syner til FrPs alternative Budsjett 2025/Økonomiplan 2025-28 der ein har lista opp fylkesvegprosjekt som vart prioritert i økonomiplanperioden. FrP syner også til behovet for å ferdigstille allereie igangsette strekningsvise utbetringar på FV79 som omkøyringsveg for E16, samt ny kryssløysing for Djuvikflaten på Askøy. FrP vil komme attende til prioritering av desse prosjosjekta i Budsjett 2026/Økonomiplan 2026-29.»
Rita Tonning (R) sette fram slikt forslag
«Tillegg, nytt punkt 6. d)
Fylkestinget ber om at fylkesdirektøren går i dialog med Høyanger kommune om Fv 55 i Kårekvika i Vadheim, Fv 5597 Vadheim/Dyrneslia-Nautsundet og Fv 5586 Osland Brygge til Oppedal ferjekai og kome tilbake med ei sak.»
Stian Davies (A) sette på vegner av A, H, V, KrF, Sp fram slikt forslag
«Alternativ
1. Fylkestinget sluttar seg til Handlingsprogram RTP Investeringar 2025 slik det ligg føre, og legg denne til grunn for det vidare arbeidet med budsjett 2026 og økonomiplan 2026-2029 fram mot fylkestinget i desember 2025.
2. Fylkestinget registrerer at fylkeskommunen er i ein utfordrande økonomisk situasjon som får konsekvensar for handlingsrommet for investeringane på fylkesvegnettet. Konsekvensane av meir ekstremvêr vil og gje auka uføresette kostnadar. Fylkestinget legg til grunn at det er særleg viktig å sikre framkome på vegnettet, og vil difor prioritere å ta vare på det eksisterande vegnettet og avgrense vedlikehaldsetterslepet. Difor må
oppgradering og utskifting av fylkesvegbruer, kaier og forsterkingsprogrammet prioriterast framfor nybygg.
3. Fylkestinget slår fast at dei høge økonomiske bindingane knytt til vedtekne prosjekt gjer at det er stramt økonomisk handlingsrom for å følgje opp strategiane i Regional transportplan. Fylkestinget konstaterer at det er avgrensa moglegheit for oppstart av nye tiltak innanfor rammeløyvingane til regionale hovudvegar, trafikktryggleik og mindre utbetringar, mjuke trafikantar og kollektivinfrastruktur. Dersom det er økonomisk
handlingsrom ønskjer fylkestinget å prioritere midlar til rammeløyvinga for trafikktryggleik og mindre utbetringar.
4. Fylkestinget held fast på tidlegare prioritering av store rassikringsprosjekt der fv. 609 Heilevang, fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen (Tokagjelet) og fv. 49 Nordrepollen-Austrepollen skal prioriterast i tråd med PS 138/2024 Budsjett 2025/økonomiplan 2025-2028 innkludert budsjettmerknaden; «Fylkestinget har ei klar forventning om at Vestland fylkeskommune og Kontaktutvalet som er oppretta for prosjekta på Fv 49, Tokagjelet og Poll til Poll, som del av arm til Bergen, også arbeidar for samfinansiering av desse prosjekta. Låneopptak for fylkeskommunen sitt bidrag til desse prosjekta skal finansierast av øyremerka skredsikringsmidlar avsett på bunde fond». Fylkestinget legg til grunn at innanfor dei statlege rassikringsmidlane skal 100 mill. kr årleg gå til innovativ skredsikring og andre mindre skredsikringstiltak.
5. Etter prosjekta i punkt 4 er realisert, arbeider ein vidare med fv.79 Steinstøberget,
fv.5600 Arnafjorden, fv.5704 Oldedalen og fv.55 Esefjorden, i tråd med tidlegare vedtak i handlingsprogrammet for RTP. Grunna fylket sin økonomiske situasjon og kostnadene ved bru, ligg realisering av prosjektet fv. 55 Bru over Esefjorden fram i tid. Fylkestinget vil uansett skredssikre fv. 55 i Esefjorden, og ber om at fylkesdirektør kjem tilbake med sak om å vurdere dette som innovativ skredsikring.
6. Fylkestinget kjem attende til ferjeavløysingsprosjekta når det pågåande arbeidet med ei forbetra ferjeavløysingsordning er ferdig. Masfjorden kommune kan arbeide vidare med forbetring av Masfjordsambandet.
7. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere tiltak med ekstern finansiering som til dømes statlege midlar, bompengefinansiering og spleiselag med kommunar og private.
a. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å kome attende med saker knytt til
bompengefinansiering av fv. 57 Holmeli-Sætenes og Osterøypakken.
b. Fylkestinget meiner at rammeløyvinga til samfinansiering bør vidareførast, og at faglege vurderingar vert lagt til grunn for prioritering av samfinansieringstiltak.
c. Fylkestinget viser til at Statens vegvesen i sitt gjennomføringsprogram har lagt inn kollektivknutepunkta i Førde, Leirvik og Sogndal, og ber fylkesdirektøren gå i dialog med vegvesenet om mogleg samfinansiering for prosjekta i komande økonomiplanperiode.
8. Fylkestinget viser til at det er mange pågåande planprosessar for tiltak som ikkje har finansiering til gjennomføring, og at planreserven er for høg i forhold til dei økonomiske ressursane som er tilgjengeleg for gjennomføring. Oppstart av nye planprosjekt krev store ressursar, og fylkestinget ser at det er avgrensa rom for å starte opp nye planar. Fylkestinget ber fylkesdirektøren om å prioritere planar for prosjekt som er realistiske å få gjennomført.
9. Fylkestinget ber fylkesdirektøren vurdere å utarbeide breiare konsekvensanalysar ved prioritering av framtidige investeringsprosjekt i Regional transportplan.
10. Fylkestinget ber også om ei sak der fylkesdirektøren drøfter endring frå P50 til P85 kostnadsestimat i investeringsprosjekt i RTP for å redusera økonomisk risiko.
11. Fylkesutvalet ber om ei sak i god tid før neste rullering av RTP der ein vurderer om ein skal ha politisk vedtekne marginallister over tiltak.
Avrøysting
Innstillinga unnateke punkt 1 og 6 fekk 19 røyster (FrP, MDG, 1 R (Rita Tonning), U, INP, BL, PP) og falt.
Djuvik sitt forslag (a) fekk 17 røyster (FrP, R, U, INP, BL, PP) og falt.
Innstillinga punkt 1 fekk 7 røyster (MDG, R, INP) og falt.
Djuvik sitt forslag (b) fekk 16 røyster (FrP, R, U, INP, PP) og falt.
Innstillinga punkt 6 fekk 5 røyster (MDG, INP) og falt.
Tonning sitt forslag fekk 6 røyster (R, U, INP) og falt.
Hammer sitt forslag fekk 16 røyster (SV, MDG, 2 KrF (Jon Olav Økland, Arne Normann), R, U, INP) og falt.
Djuvik sitt forslag (c) fekk 14 røyster (1H (John Torgeir Torsvik), FrP, U, INP) og falt.
Davies sitt forslag unnateke punkt 6 vart vedteke mot 17 røyster (FrP, MDG, U, INP, BL).
Davies sitt forslag punkt 6 vart vedteke mot 25 røyster (1H (John Torgeir Torsvik), FrP, SV, MDG, R, U, INP, BL).