Mjuke trafikantar
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
Tiltak for tilrettelegging for mjuke trafikantar er delt opp i prosjekt innanfor avtaleområdet til Miljøløftet, og for Vestland utanom Miljøløftet (heretter omtalt som Vestland). For prosjekt i avtalekommunane til Miljøløftet, sjå Miljøløftet.
Alle prosjekta er vurdert ut frå eit hovudmål om å få fleire til å gå og sykla i staden for å nytte bil.
For prosjekta i Vestland ligg definerte delmål og prioriteringskriterium i Strategi for mjuke trafikantar til grunn. Hovudkriteria for rangering er:
- Avstand mellom heim og skule (strekningar nær skular blir prioritert)
- Befolkningstettleik langs ei strekning (strekningar som har mange potensielle brukarar blir prioritert)
- Om anlegget tener fleire daglege gjeremål (strekningar med stort bruksområde blir prioritert).
Prosjekta er lista opp ut frå modenheit. Hovudkriteria for rangering av prosjekta gir grunnlag til å vurdere kva prosjekt som blir prioritert for vidare utgreiing og reguleringsplanarbeid. Prosjekta som er vurdert med høgast måloppnåing er fv. 5704 Firdavegen, fv. 5402 Ringheimsvegen, fv. 5056 Saghaugen/Kjøtteinsvegen og fv. 544 Vabakkjen-Sæ.
Spleiselag og/eller rekkjefølgjekrav kan vera aktuelt på ein del av strekningane, men dette vil bli avklart på eit seinare tidspunkt.
Oversikt, gang- og sykkelprosjekt

Fv. 567 Loftås-Hauge, Osterøy |
Fv. 79 Øystese-Laupsa, Kvam |
Fv. 611 Eikefjord-Sunnarvik, Kinn |
Fv. 5060 Litlabøvegen, Stord |

Fv. 60 Hildestranda, Stryn |
Fv. 615 Sandane sentrum, miljøgate, Gloppen |
Fv. 49 Egne Hjem, Ullensvang |
Fv. 5704 Brandsøy–Solheim Kinn |
Fv. 544 Vabakkjen–Sæ (miljøgate), Stord |
Fv. 5613 Dalavegen |
Fv. 601 Prestfossen bru–gang og sykkelbru, Sunnfjord |

Fv. 609 Holmedal skule, Askvoll |
Fv. 615 Sandane-Storebrua, Gloppen |
Fv. 271 Sjukehusvegen frå kryss Skulevegen til kryss Ofta, Lærdal |
Fv. 5402 Ringheimsvegen (frå Rognstunet), Voss |

Fv. 5731 Sandane–Austreim, Gloppen |
Fv. 5012 Giljevegen, Bømlo |
Fv. 60 Byrkjelo-Øvresetsvingen, Gloppen |
Fv. 615 Storebrua-Fitje, Gloppen |
Fv. 5392 Bordalsvegen, Voss herad |
Fv. 5704 Firdavegen, Florø, Kinn |
Fv. 5609 Njøs-Røysum, Sogndal |

Fv. 57 Dalsvegen (sentrum), Fjaler |
Fv. 49/fv. 5132 Bjelkarvik-Bjørkheim, Samnanger |
Fv. 546 Skånevik sentrum, Etne |
Fv. 4980 Gullvegen, Sveio |
Fv. 5056 Saghaugen/Kjøtteinsvegen, Leirvik, Stord |
Fv. 49 Sætveithagen-Jondal, Ullensvang |
Nordfjordeid sentrum |