Miljøløftet

Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga


Vestland fylkeskommune (VLFK), dei statlege einingane Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Statsforvaltaren, samt dei fem kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden har signert byvekstavtalen og samarbeider om å nå nullvekstmålet innanfor avtaleområdet.

Miljøløftet set rammer for kva for prosjekt som kan finansierast gjennom byvekstavtalen.

Midlane i avtalen skal porteføljestyrast etter nullvekstmålet. Prosjekta vert vekta og vurdert gjennom ein porteføljestyringsprosess som skal syte for at prosjekta som gjev best måloppnåing opp mot nullvekstmålet vert realisert.

Tabellen under syner tiltak under bygging/ med vedteke prosjektløyving i handlingsprogram 2025-2028 og fylkesvegtiltaka som inngår i framlegg til hp 2026-2029.

dekorstripe

Fylkesvegprosjekt i handlingsprogram 2025-2028

Fv.5254 Kleppevegen ved Myrane, Askøy

Fylkesvegprosjekt føreslått finansiert i Handlingsprogram for 2026-2029:

Fv. 5308 Utbetring av Sagstadvegen, Alver

Fv. 552 Etablering av trafikksikker- og attraktiv GS-løysing langs Hatvikvegen, Bjørnafjorden

Fv. 557 Sykkelstamveg Bergen, delstrekning 6, Bradbenken – Glassknag

Fv. 5324 Hagerupsveg- Storetveitvegen- Nattlandsveien, oppgradering av sykkelfelt/fartsputer, Bergen

Fv. 5190 Strakstiltak Apeltunvegen, Bergen

Fv. 565 Manger kyrkje- Hesthaugen, fortau, Alver

Fv. 5348 Klostergaten, gateopprusting, Bergen

Nonneseter, Bergen

dekorstripe

Fv. 560 Skogsskiftet sentrumsområde, Øygarden

Fv. 5452 Leknesvegen, fortau og avkøyrselsannering, Alver

Fv. 5458 Ostereidet/Lindsdalen, Alver

Fv. 5264 Nordre Hauglandsveg, Askøy

Fv 5184 Grimstadvegen, Bergen

dekorstripe

Fv. 582 Storetveitvegen, Hagerupsveg-Minde Alle, Bergen

 

dekorstripe

Fv. 5242/5244 Miljøgate Ågotnes, Øygarden

Fv. 5200 m.fl. Infrastruktur Paradis -vidare utbygging,(Paradis 2) Bergen

Mindemyren, byggetrinn 2, Bergen

Fv. 582 Årstad, Storetveitvegen, (Hagerupsveg- Fantoft), sykkelanlegg, Bergen

Fv.585 Nattlandsveien, Wiers-Jensensvei-Hagerupsvei, Bergen

Fv. 5206 Kjøkkelvikvegen, Fæsterhuset-Krabbedalen, Bergen

Fv. 558 Tennebekk næringsområde, ombygging av kryss/ avkøyrsle, Bergen

Fv. 564 Salhusveien, Bergen

Fv. 5474 Seim, fortau og avkøyrslesannering, Alver

Fv. 5306 Hesthaugvegen, Åsane terminal- Morvik, del 1 Åsane terminal-Haukedalen skole, Bergen

dekorstripe

Fv. 5452 Hillesvåg – Apalen, Bergen

Fv.5242 Vestsidevegen, Øygarden


Mogleg aktuelle prosjekt ved kommande rulleringar

Fleire prosjekt kan bli aktuelle ved kommande rulleringar av RTP-investeringar og Handlingsprogram i Miljøløftet. 

Behovet for utbygging og oppgradering av infrastruktur for mjuke trafikantar og kollektivtiltak er stort innanfor Miljøløftet sitt geografiske nedslagsfelt, også ut over dei tiltaka som er inkludert i HP 2025–2028 og HP 2026–2029. Nedanfor blir det peika på aktuelle strekningar med behov for utbygging. Lista er uprioritert, og det er truleg langt fleire strekningar og tiltak som har behov.

Rangering og prioritering av prosjekt skjer gjennom porteføljestyring inn mot årlege rulleringar av RTP investeringar (og Handlingsprogram for Miljøløftet). Oversikten syner prosjekt som er særskild aktuelle for fylkeskommunen å vurdere ved framtidige rulleringar av dokumenta. Det vil vere tidlegare omtalte portefølje- og prioriteringskriterium som avgjer kva prosjekt som vil vere aktuelle innan høvesvis Miljøløftet og ordinert fylkesbudsjett. Lista under er ikkje uttømmande, og ikkje rangert. Det er fleire strekningar med stort behov, og som kan vere viktigare enn prosjekt på denne lista. Dette vil bli drøfta gjennom dei årlege rulleringane. Pågåande arbeid med byutreiing med tilhøyrande tiltakspakker for byområdet vil truleg gi verknader for framtidige prioriteringar.

Tiltak som kan verte aktuelle ved framtidige rulleringar:

  • fv. 582 Årstad, Storetveitvegen (Storetveit skole- Paradis), sykkelanlegg, Bergen
  • Nattlandsveien byggetrinn II, Wiers-jensensvei-Birkelundstoppen
  • fv. 552 Hatvikvegen, inkl. Finnebrekkakrysset - bybrua, Bjørnafjorden
  • fv. 560 Vorland –Forland
  • fv. 5354 Garnesvegen, Bergen
  • fv. 5174 Kokstadvegen, Bergen
  • fv. 5216 Loddefjord terminal, Bergen
  • fv. 5190 Apeltunvegen, Langsiktige tiltak, Bergen
  • fv. 574 Bjørgeveien, Bjørndalsbrotet- Lyderhornsveien, Bergen

  • fv. 5364 Dag Hammerskjoldsveg, Benshaugen - tunnel, Bergen
  • fv. 5364 Dag Hammerskjoldsveg Bergen,
  • fv. 5364 Torgny Segerstvedtsveg - Lillehatten- tunnelen, Bergen
  • fv. 552 Mobergsbakken, Bjørnafjorden
  • fv. 583 Byvegen, Bjørnafjorden
  • fv. 563 Ask - X Floridavegen-X Signalvegen, Askøy
  • fv. 5240 Arefjordvegen, Øygarden
  • fv. 5472 Kleivane, Alver
  • fv. 5218 Austre Sundvegen (Klokkarvik), Øygarden
  • fv. 565 Snuplass for buss og innfartsparkering ved Alverstraumen

  • fv. 585 Haukelandsveien (Ibsensgate- Fløenbakken), Bergen
  • fv. 584 Michael Krohns gt. Bergen
  • fv. 565 Alversund-Isdalstø, Alver
  • fv. 564 Holme-Mjåtveit, Alver
  • fv. 556/5200 Kryssing av E39 ved Fjøsanger, Bergen

Det fylkeskommunale bidraget i Miljøløftet representerer i dag det aller meste av investeringsmidlar som er tilgjengeleg for fylkesvegnettet innanfor Bergen kommune. Det kan skape utfordringar når det er investeringsbehov som ikkje bidreg til måloppnåing av nullvekstmålet.

VLFK er ansvarleg for at fylkesvegnettet skal vere tenleg, trygt og effektivt, noko som kan innebere behov for investeringar i Bergen kommune utover midlar gjennom Miljøløftet. Noko blir teke av potten Standardheving av vedlikehaldskarakter i Miljøløftet som i 2025 er på 80,5 milloner kroner. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg til å møte behovet. 

Nokre utbetringsbehov

Bergen har ei rekkje brusteinsgater i sentrum med stort vedlikehaldsetterslep. Vedlikehald av brusteinsgater er kostbart og tidkrevjande. Det er naudsynt å sjå utbetringa/vedlikehaldet i samanheng med andre prosjekt som går i sentrum, som Bybanens byggetrinn 5 og Graveklubbens arbeid. Det pågår ei utgreiing for å kartlegge behov for utbetring/vedlikehald av desse gatene, og ut frå dette avklare framdrifta mot andre prosjekt som skal byggast i sentrum. Dersom eit tiltak blir prioritert i Miljøløftet har trase på ein strekning der vedlikehaldsetterslepet inngår i kartlegginga nemnt her, skal utbetringa av bereevne inngå i prosjektet.

Fv. 587 Grimesvingane har eit stort behov for utbetring. Det er planlagt mindre utbetringstiltak på strekningen gjennom posten Standardheving med vedlikehaldskarakter. Det er ikkje funne midlar tifinansiering av ny tunell på strekninga.