Infrastruktur knytt til kollektiv
Vi tek atterhald om at det kan vere noko unøyaktig detaljinformasjon i kartløysinga.
Oppgradering og nybygging av knutepunkt er viktige tiltak for å ivareta universell utforming, trafikktryggleik og funksjonalitet. Transformasjon av sentrumsområde er og ein viktig faktor som utløyser behov for ombygging av slike knutepunkt. Då blir det som regel gjort krav om at bussparkering og verkstad må flyttast ut av sentrum. Fylkeskommunen må i slike tilfelle sette av midlar til finansiere nye parkeringar/verkstader.
Stat, fylke og kommune har viktige roller knytt til utvikling av gode publikumsretta kollektivknutepunkt. Både i samband med finansiering og drift har det vore ei utfordring når ansvaret mellom desse aktørane skal fordelast. “Veileder for gode knutepunkt” vart publisert i 2018. Her har Statens vegvesen, saman med Jernbanedirektoratet og Kommunesektorens Organisasjon, utarbeida eit rammeverk for korleis ein i fellesskap skal utvikle gode knutepunkt. Rettleiaren seier at fylkeskommunen, som ansvarleg for det regionale kollektivsystemet, skal ta initiativ for å samordne prosessar knytt til utviklinga av knutepunkt, dersom ikkje andre aktørar gjer dette.
Formelt ansvar knytt til planlegging, utbygging og drift skal likevel følgjast opp av vegeigar. I tilfelle kor knutepunkta både tener buss langs riks- og fylkesveg er det naturleg med samfinansiering.
Statens vegvesen har i gjennomføringsplanen for 2025-2030 vurderte tre kollektivterminalar i Vestland som aktuelle tiltak i perioden. Dette gjeld E39 kollektivterminal Leirvik, Rv. 5 kollektivterminal Sogndal og E39 kollektivterminal Førde. Dette er knutepunkt som tener buss langs både riks-, europa- og fylkesveg, og er prosjekt kor det vil vere naturleg med samfinansiering.
Fleire stader er det ikkje avklara om fylkeskommunen skal byggje eller leige areal for kollektivterminalar.
I tillegg til publikumsretta infrastruktur som knutepunkt/terminalar er bussanlegg - med parkering, lading og verkstad - viktig for eit velfungerande kollektivsystem.
Kollektivprosjekt

Kollektivterminal Odda |
Kollektivterminal Husnes |
Kollektivterminal Storebø, Austevoll |

Fv. 544 Kollektivterminal Leirvik, Stord |
Fv. 40 Kollektivterminal Norheimsund, Kvam |
Fv. 617 Kollektivterminal Måløy, Kinn. |

Fv. 601 Kollektivterminal Førde, Sunnfjord |
Kollektivterminal Sandane |
Rv. 15 Kollektivterminal Stryn, Stryn |
Rv. 5 Kollektivterminal Sogndal, Sogndal |

Rv. 7 Kollektivterminal Eidfjord, Eidfjord