Fordeling av investeringsmidlar innan samferdsel

I økonomiplanperioden 2025-2028 er det samla investeringsprogrammet innan samferdsel på om lag 14,6 mrd. kr. Dette er eit auke på omtrent 2,7 mrd. samanlikna med økonomiplanperioden 2024-2027. Figur 1 viser fordelinga på ulike føremål.

Figur 1: Figuren viser fordelinga av midlane i investeringsprogrammet på ulike føremål. Tala er gitt i 2025-kr.
Figur 1: Figuren viser fordelinga av midlane i investeringsprogrammet på ulike føremål. Tala er gitt i 2025-kr.

Det er særleg RTP rammene (sjå tabell 1), skredsikring og bompengar/andre pakkar som utgjer dei største investeringane i perioden. Investeringstiltak kollektivområdet er hovudsakleg IKT investeringar, mens Samferdsel-Eigedom er løyvingar knytt til bygg til kollektivføremål.

Det er i figuren skilt mellom vegprosjekt og RTP rammer. RTP-rammene vart fastsett i første rullering av RTP Investeringar, og er tentative rammer til ulike område i investeringsprogrammet som styringsmål for løyvingar til ulike føremål. Desse rammene er mål for nivået på løyvingar til ulike budsjettområde for planlegging og prioritering mellom ulike budsjettområde. Føremålet er å følgje opp strategiane i Regional transportplan. Desse rammene må forståast som måltal eller gjennomsnitt over fleire år, og vil kunne variere noko frå år til år ut i frå den samla innrettinga av budsjettet, planavklaring av prosjekt og gjennomføringsevne i organisasjonen.

Grunna økonomiske bindingar og lågare økonomiske rammer registrerer fylkesdirektøren at det ikkje vil vere mogleg å nå rammeløyvingane til RTP. For nokre av rammene vil det med dagens økonomiske bilete vere nærast ingen midlar til investeringar mot slutten av neste økonomiplanperiode. Dette gjeld særskilt for rammeløyvingane til regionale hovudvegar, trafikktryggleik og mindre utbetringar, kollektivinfrastruktur og mjuke trafikantar.